Søya og Todalen Skyttarlag Arkiv

Blomster for lang og tru teneste


For ei tid tilbake hadde Søya Todalen skytterlag sitt første styremøte for året. Møtet var halde på Hammerstuene og agendaen var å kome igang for det nye styret. Andre saker var ein gjennomgang av økonomi og varelager. Det nye styret skulle og bli kjent med kvarandre samt få litt informasjon og tips frå dei gamle.

Ekstra oppskytarkveld


Søya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8)  og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og [...]

Oppskytinga startar i kveld


I kveld startar oppskyting til jegerprøve pÃ¥ Skytebanen i Ranheimsvingen, fortel ledar i Søya og Todalen skytterlag John Moe. Skytinga gÃ¥r føre seg i tidsrommet 18.00 – 20.00. Dette er første kvelden av tilsaman 9 kveldar med skyteprøver. neste kveld er mÃ¥ndag 4. juli til same tid.

Talgøpokalen til beste samanlagt


Rindalsfelten er eit av dei største felstemna i Midt-Norge, der dei samlar langt borti 200 deltakarar til feltskyting. Arrangementet er eit samarbeid mellom Rindal skyttarlag, Rindalsskogen skyttarlag og Lomundal skyttarlag, og er eit dobbeltstemne der dei kjører fullt program på begge skytingane. Den gjevaste premien denne dagen er nok Talgøpokalen som er ein vandrepokal som går til beste skyttar sammenlagt på grovfelten.

Søya og Todalen skyttarlag med årsmøte


Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.

Mykje folk på oppskyting


Måndagskveldar blir det arrangert oppskyting av Søya og Todalen Skyttarlag, og vi har fått bilete frå oppskytinga i går. Den foregikk på skytebanen til skyttarlaget i Ranheimsvingen på Kvanne, og det var så mykje folk som møtte at alle skytebanene var fulle heile tida.

Klart for skyteprøve


Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.

Medlemmar

Godt mot, Todalen
Todalen Småbåtforening
Talgø Møbelfabrikk AS
Skulstuå i Todalen
Vårsøg Hotell
Norsk Vandrefestival
Todalen Sokneråd
Eldremiddagen
Surnadal Lastebil Verksted AS
Todalen Elveeigarlag
MPs hjemmebakeri
Todalen Bondelag
Trollheimsporten
Kårvatn Fjellutstyr
Surnadal Regnskap AS
Svorka
Sparebank1 Midt-Norge
Norsk Laksefestival
Kombi Regnskap
Rossåa Settefiskanlegg
Viastua Gardsprodukt
Todalen Brygge
Todalen Idrettslag
Skogkompaniet
Surnadal Sparebank
Surnadal Kommune
Surnadal Kulturhus
AMFI Kreativ
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Gjensidige Surnadal
Søya og Todalen Skytterlag
Nordvik Grendalag
Start 4H
Todalshytta
Todalen Sanitetsforening
Surnadal Pensjonistlag
AMFI Surnadal
Todalen Historielag
ICA Todalen
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Driva
IL Søya

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør