Skulstuå i Todalen Arkiv

Kulturkveld i Skulstuå


Torsdag den 2. februar var det underhaldningskveld i Skulstuå. Skulstuå eller Todalen gamle skule har også vore heimen til Leif Halse og ute i passeleg vinterstemning stod Vangsgutane på sokkelen sin og tok oss i mot. Kulturkvelden blei opna av Ragna Kvendset som var ei av eldsjelene bak Skulstuå som stiftinga skal ta over frå kommunen. Nils Tore Leivdal starta med å fortelje om todalingar som deltok i Silsetrenna frå si eiga bok “PÅ SILSETRENN”, som kom ut like før jul.

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)


Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe.   Alle er velkome!    [...]

Utstilling av klassebilde


Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer.  Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.

Utstilling i Skulstuå


Søndag opna utstillinga med gamle skulebilde i Skultuå (Gammelskulen) Den vart i utgangspunktet laga til 90-årsjubileet Todalen skule, og det har vore stor interesse for å få vist denne utstillinga igjen, fortel Ragna Kvendset i foreninga Venner av Skulstuå. Her var det utstillt skulebilde både frå gammel og ny tid, og interessant visning både for gammel og ung. Ragna fortel at det framleis er mange “hol” i utstillinga, så dersom det er nokon som har bilde frå skuletida som ikkje er med i ustillinga så er ho takksam for å få ein kopi av disse. Utstillinga var opa søndag, men det vil også bli ope ein eller fleire dagar i romjula, samt seinare utpå nyåret.

Utstilling av klassebilde frå tre år hundre


Frå Ragna Kvendset har vi fått invitasjon til utstilling i Gammelskulen. Ho skriv: “Under 90års-jubileumet for Todalen skule i april, laga FAU ei utstilling med klassebilde frå Todalen skule gjennom tre år hundre. No er utstillinga sett opp i Skulstuå (Gammelskulen), og søndag 11.desember er utstillinga open frå kl 13.00 – 16.00. Utstillinga vert og [...]

Gammelskulen for 1 krone.


Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter”. Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.

Gammelskulen for 1 krone.


På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til “Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter”. Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.

Gammelskulen som samlingslokale?


Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for “Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter” åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida.

Velkomne til Gammelskulen


Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for “Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter”, alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.

Stiftinga Gammelskulen lokalhistorisk- og fleirkulturelt senter


Ei prosjektgruppe som arbeider med planer for å bevare Gammelskulen og utvikle den til eit lokalhistorisk og fleirkulturelt senter, ynskjer å invitere alle som er interesserte til å ta del i prosjektet som tek sikte på å:
· Ta vare på og vise den rike bygdekulturen vi har
· Ta vare på og vise det fleirkulturelle mangfaldet vi har i kommunen

Medlemmar

Todalen Idrettslag
Norsk Vandrefestival
Surnadal Lastebil Verksted AS
IL Sya
Surnadal Regnskap AS
Surnadal Kommune
Kombi Regnskap
Svorka
Todalen Brygge
Surnadal Pensjonistlag
Eldremiddagen
Norsk Laksefestival
AMFI Kreativ
Todalen Bondelag
Trollheimsporten
Todalen Elveeigarlag
Start 4H
Nordvik Grendalag
ICA Todalen
Vårsøg Hotell
Todalen Småbåtforening
Skogkompaniet
Todalen Sanitetsforening
Skulstuå i Todalen
MPs hjemmebakeri
Todalshytta
Talgø Møbelfabrikk AS
Rossåa Settefiskanlegg
Todalen Sokneråd
Godt mot, Todalen
Indre Nordmre Forsvarsforening
Sparebank1 Midt-Norge
Todalen Historielag
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Søya og Todalen Skytterlag
Driva
Kårvatn Fjellutstyr
AMFI Surnadal
Gjensidige Surnadal
Surnadal Sparebank
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Kulturhus
Karen Oddny's heim og hagetjenester

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa på tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør