Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkeologar granskar Øygarden bustadfelt…

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mai 2016

På bakgrunn av funn som vart gjort under skogrydding i det nye bustadfeltet på Nordvik, Øygarden bustad- og hyttefelt,  pågår det denne veka arkeologisk undersøking av området.  To arkeologar frå Fylkesmannen undersøker no om det kan være spor etter busetting fra steinalderen i feltet.

Kart over området ved Øygarden bustad- og hyttefelt. Fotomontasje: Surnadal kommune

Kart over området ved Øygarden bustad- og hyttefelt. Fotomontasje: Surnadal kommune

Det er Eirin Husby Frey og Heidi Altoft som no går gjennom feltet, der det vart funne ein gravhaug under skogryddinga. Foreløpig har dei ikkje funne noko anna spor fra gammeltida, men dei har til no jobba i den nederste delen av feltet. Dei reknar med at sjansen er større lenger opp i feltet, der ein rygg på ca 35 m.o.h kan være aktuell som gammel buplass frå steinalderen.

Undersøkinga er lovpålagt og nærast rutinemessig for alle nye bustadfelt som ligg i aktuelle områder. Dette blir vurdert av saksbehandlar med basis i lokalisering, høgde over havet og eventuelle funn som er gjort tidlegare. For feltet på Øygarden har fylkesmannet foreløpig sett av 20 dagsverk til slik undersøking, fortel Eirin Husby Frey som er feltleiar. Dei to arkeologane var forresten imponert over kor fint utsikt det var frå det nye bustadfeltet på Øygarden!

Publisert: 11. mai 2016, 13:35