Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets første golfkurs på Mo

Elinor Bolme Måndag 14. mai 2018

I helga har Surnadal golfklubb arrangert årets første golfkurs. På lik linje med øvrig idrett er også golfklubben avhengig av at det «veks oppiatt» nye golfarar, i alle aldrar. Grunnkurset er på 12 timar, og krev ingen teoretisk eller praktisk prøve. Siste kursdag blir neste måndag for denne gjengen, som har hatt Geir og Tove Garte som instruktørar.

Kursdeltakarane var med eit par unntak hovedsakleg frå hovudsponsorane til klubben. Dette er eit lite  «takk for støtta», kor klubben gir bort eit viss antall kursplassar for å kunne gi noko tilbake til sponsorane, samt å få fleire aktive med, fortel leiar Oddvar Væge. Hovudsponsorane er for øvrig Amfi Drift, Surnadal sparebank, Svorka og Pipelife.

Under er ei oversikt over alle kommande turneringar på Kvanne ut juli.

Sjå oversikt over alle arrangement og turneringar på Surnadal golfklubb si heimeside.

Vi har fått tilsendt nokre bilder helgas kurs frå Surnadal golfklubb som vi har lagt i eit galleri under.

Først publisert: 14. mai 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 13. mai 2018, 23:09