Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet: Ein sesong på det jamne

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juli 2019

Denne sesongen har vore ein sesong på det jamne, fortel Maja Frønes i Svinviks Arboret.  Det er ikkje så stor forskjell på besøkstala frå i fjor til i år, men vi har i år hatt eit par periodar med kaldt være og ein del nedbør.  – Vêret har nok påvirka besøkstala, både for enkeltpersonar og for grupper, seier Maja, og minnes det fine vêret vi hadde i fjor sommar. 

Søte og god vindruer i veksthuset i arboretet. Disse blir no bruka på kjøkenet, og kanskje blir det laga juice av dem? Foto: Jon Olav Ørsal

Svinviks arboret er ope enno eit par veker – ut juli månad – og så opnar dei igjen i midten av august, i samband med Vandrarfestivalen som i år skal ha base i Svinvika. Det skjer 3. helga i august frå 16. til 17 august. Da blir det eit allsidig program som no byrjar å bli klart. Les meir om Vandrefestivalen på nettsida til Norsk Vandrefestival

Elles fikk vi smake druene i veksthuset på arboretet.  Dei er no mogne, og blir dagleg bruka som kakepynt i kafeteriaen og det er såpass mengde at vi må enten lage saft eller juice av disse, seier Maja. Ho fortel også at det er aukande interesse for dyrking av vindruer blant publikum og at det etter kvart er kome meir hardføre sortar som ein kan dyrke her på traktene

Bra besøkt i arboretet når det er finvêr – i år har det vore litt for mange gråe og kalde dagar, seier Maja Frønes. Foto: Jon Olav Ørsal

Langbord og bursdagsfeiring i hagen i dag – reint så triveleg i finvêret! Foto: Jon Olav Ørsal

Martina Harper Vegmo sørga for godbitar frå kafeteriaen i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juli 2019, 16:49