Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Åpen hall, også for todalingar

Åpen hall, også for todalingar

Elinor Bolme Fredag 30. september 2011

Mari Vattøy, primus motor for det populære tiltaket «Åpen hall» i Surnadal ønsker å invitere med todalingar, og naturlegvis andre interesserte til å delta på sesongåpning i morgon. Åpen hall er eit forholdsvis nytt, og så langt veldig populært aktivitetstilbud i Surnadal. Det er  åpen for alle barn t.o.m. 4.klasse mellom  kl 12.00 og 15.00. Barna må vere i følgje med føresette, og får komme og gå som dei vil i det tidsrommet, da dette ikkje er eit arrangement med aktivisering av ungane, men eit tilbud til at ungane kan få aktivisera og kanskje utfordra seg sjølve. Arrangementet har fått fleire heilt nye aktivitetar som trekkplaster til i morgon.

Sjå her for heile plakaten.

Ellers lokkar Mari med både loddsalg og kaffesalg, pluss storfint klovnebesøk frå Trondheim.

Publisert: 30. september 2011, 18:07