Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Amazing Safari

Amazing Safari

Elinor Bolme Onsdag 24. november 2010

Ei halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.

Dei to kora, leia av Bernt Bøe, starta kvelden med blandt anna Mendehlson på reportuaret. Etterpå vart det ei heilomvending med Safari, eit orkester med mangfald, på mange vis. Dei serverte både salmar, negro spirituals og eit bidrag frå musikkulturen på Sri Lanka. Til tider verka det som dei spela om kapp. Men den som vann, var vi tilhøyrarane.

Kora avrunda kvelden med blandt anna ei svensk vise; Vad du er skjön min elskade, sunge i trestemt kanon. Mesterleg utført. Til slutt vart vi bede på kaffe og noko attåt av soknerådet før vi fann vegen heimatt i kulda.

Under er eit knippe bileter frå arrangementet.

Publisert: 24. november 2010, 23:52