Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

ALTI Forvaltning AS overtek forvaltninga av Falksenteret

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. september 2020

I ei felles pressemelding onsdag denne veka orienterte ALTI Forvaltning AS i Surnadal og Falksenteret Eiendom AS som eig Falksenteret kjøpesenter på Kyrksæterøra om at dei hadde underteikna ein forvaltningsavtale som inneber at ALTI Forvaltning AS i Surnadal overtek forvaltninga av Falksenteret.  

 Falksenteret vart etablert i 1998 i lokala etter Falk skofabrikk. Senteret er frå starten av og fram til i dag bygd ut tre gonger og har i dag 16 leigetakarar og eit samla areal på 10 000 kvm. Senteret med tilhøyrande bygg har eit breitt utval av butikkar innan daglegvarer, apotek, kafe, sport, jernvare, klær og møblar, for å nemne noko. Butikkane omsette i 2019 for over 200 millionar.  

Det er familien Snekvik som frå starten av og fram til i dag har drive Falk Eiendom AS, men i løpet av hausten vil selskapet bli fusjonert inn i Søa Eiendom AS. Søa Eiendom AS har som hovudmål å utvikle Kyrksæterøra til ein endå meir attraktivt bu- og handelstad. 

F.v. Lars Løseth (ALTI), Ove Strømmen (Søa Eiendom AS), Erik Snekvik (Falk Eiendom AS) og Lars Ove Løseth (ALTI)

Senterleiar Erik Snekvik seier at avtalen med ALTI er eit viktig ledd for å styrke Falksenteret og Kyrksæterøra som handelsdestinasjon. «Dette samarbeidet vil åpne mange nye muligheter for oss og vi kommer inn i en senterfamilie som forvalter kjøpesenter over hele landet. Dette gir mange stordriftsfordeler som vi ikke har hatt mulighet til å utnytte tidligere. Vi ser virkelig fram til å bli et ALTI-senter til det beste for våre kunder og leietakere», seier Snekvik. 

Lars Ove Løseth, adm.dir. i ALTI Forvaltning AS, er òg glad for å ha underteikna avtalen med Falk Eiendom AS og ser fram til samarbeidet på Kyrksæterøra. «Falksenteret er et lokalsenter med dyktige aktører, og vi har tro på at vi sammen med de lokale eierne kan videreutvikle senteret ytterligere», seier Løseth. 

Først publisert: 19. september 2020, 10:00 - Sist oppdatert: 18. september 2020, 20:21