Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktivitetsdag på Søyabanen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. august 2020

Som så mange arrangement i desse koronatider måtte og årets utgåve av Søya Cup avlysast. Som eit lite «plaster på såret» valde fotballgruppa i I.L. Søya å arrangere ein aktivitetsdag for spelarar og foreldre. Det var open kiosk og sal av grillmat forutan mange ulike aktivitetar. Så her var det noko for ein kvar smak, og vêrgudane varta opp med fint aktivitetsvêr. Nedanfor ser du bilete frå dei ulike aktivitetane det var mogleg å vere med på i løpet av dagen. 

Artig med forskjellige aktivitetar på Søyabanen. Foto: Anders Gjeldnes

Det var mykje folk og høg stemning under heile arrangementet som tok til klokka 11 og vart avslutta klokka 14. Etter at det offisielle programmet var ferdig klokka 14 var det duka for seriekamp mellom Søya/Todalen og Eidsvåg i G12 klassen. Kampen er det laga eigen reportasje med bilete om her på todalen.no.

Fotballaktivitet høyrer med slike dagar! Foto: Anders Gjeldnes

Så får vi håpe at situasjonen til neste år har «normalisert» seg slik at Søya Cupen kan arrangerast på tradisjonelt vis.

Sjå meir av aktivitetane i galleriet under. Alle foto: Anders Gjeldnes.

 

Publisert: 22. august 2020, 16:26