Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Abraham kjem med laurdagsavisa…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Sidan Posten slutta med distribusjon av laurdagsavisa er det Abraham som har sørga for at avisene kjem i rette postkassane. Abraham har ansvaret for Todalen, Kvanne og Stangvik. Litt plunder var det nok i starten, men etter kvart er han komen godt i system og no er runden raskt unnagjort.

I starten var det vanskelig å finne alle postkassane og det var til dels dårleg merking både på postkassane og adressemerkinga på avisene. Da vart det mykje detektivarbeid for å finne fram til dei rette postkassane.

No startar Abraham kl 8 på laurdags morgon, og er ferdig med rundturen til Kvanne, Stangvik og Todalen i 14-tida.  – Den trivelege karen heiter  eigentleg Abraham Abraham, altså både til fornamn og etternamn, og han kom til Noreg frå Eritrea for 3 år sia .

Abraham snakka godt norsk, og tykkjer det er triveleg at folk tek kontakt når han er ute på laurdagsrunden sin.  Han fortalte mellom anna at han går på skule dei andre dagane i veka, og at han har Håvard Halset som ein av lærarane sine.

 

Publisert: 1. april 2017, 14:38