Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sistemann henta opp og heim frå årets sommarbeite

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Eg, Arne Drøpping, har i  to veker leita etter den siste sauen som har vore observert ved Ansessetra. Vi har også leita med drone frå
Ansessetra to gonger. Men fram til i går, onsdag 23.okt, var sauen med to lam som sunke i jorda.  Det har vore kjekt å vere innom kaffekroken på butikken for å få tips.  Men i går oppdaga Jan Vidar Øyen sauen på ei
fjellhylle. Vi møttes ved Hegerneset i går for å drøfte situasjonen. Men vi fann fort ut at redningsaksjonen måtte utsettast til i dag.

Eg tok ferja frå Rykkjem kl.6.15, og kl 7 var vi klar for avgang med hauløkt og mykje utstyr.  Eg skjønte fort at eg ikkje fått fått med ein bedre medhjelpar. Jan Vidar er ein svært erfaren mann i alt som har med turgåing og klatring å gjere. Har har også jobba som guide på fjellturar og isbrevandring.

Eg hadde med med ei skårfestestong som er beregna for slike redningsaksjonar.  Til denne stonga festa vi ei kraftforbøtte for å få god kontakt med sauen. Men det var Jan Vidar som klarta ned med tau, selar og diverse utstyr og fekk med seg sauen opp.
Det neste vi var spent på var om vi ville finne igjen lamma som var observert i terrenget dagen før. Med kjent bjellelyd frå sauen dukka
lamma opp. Så begynte turen ned lia, og heim til Drøpping i tilhengar.

Jan Vidar Øyen har akkurat kome opp frå fjellhylla med sauen. Sauen måtte løftast 2-3 m opp. Men hammaren nedover var svært høg.

Dermed kan årets sauleiting erklærast for avslutta.  Takk til alle todalingar som har kome med tips og observasjonar.  Men på denne dagen går takken mest til dagens helt, Jan Vidar Øyen.

 

Publisert: 24. oktober 2019, 12:51