Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

8 veker og mange masker seinare…

Elinor Bolme Tysdag 24. november 2015

På underkant av to månader har strikkekafféen i regi Todalen sanitetsforening produsert store mengder strikkevarer i prosjektet «Strikk ein varm velkomst». Sist laurdag avslutta dei kafféen før jul, og hadde ei oppteljing av kva som var produsert så langt. Og lista vart imponerande lang. Her var over 70 ullsokkpar, ca 20 vottpar, 34 luer, 5 labbpar og 15 sjal/skjerf/halsar i alle størrelsar, samt 2 gensrar og nokre småplagg til baby i tillegg.

Alt er naturlegvis ikkje produsert på dei tre rundane med strikkekaffe som har vore arrangert i Sanitetshuset denne hausten. Mange flittige damer har nok hatt sine timar på «privaten» også. Ikkje er det heller berre todalingar som har stått for produksjonen. Prosjektet har vorte lagt merke til utanfor kammen også, og leveransar frå både Nordvik, Surnadal og Øvre Surnadal må nemnast.

No er alle strikkaplagga på tur til Kristiansund og Kristiansund Yngre Sanitetsforening. Dei er også engasjert i flyktningearbeid, og administrerer blandt anna innsamlingar til flyktningemottaket som har vorte oppretta i eigen by. Mottaket i Kristiansund har mange nyankomne flyktningar, og treng mykje av alt kunne kontaktpersonane fortelje.

Organisator for strikkekaffeen, Jorunn Ness fortel dei no tek ein pause i Sanitetshuset til etter jul. Men på nyåret startar vi oppatt, både med strikkekaffé og prosjektet «Strikk ein varm velkomst». Så om det er nokon som har meir dei ønsker å levere inn blir det ei rå for det vidare også beroligar ho.

 

 

Publisert: 24. november 2015, 04:00