Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles St. Hansfeiring i Gunnøya

Elinor Bolme Sundag 23. juni 2019

Søndag kveld klokka 18 blir det stort felles St Hansbål i Gunnøya. Det blir enkelt opplegg der alle tek med seg mat og drikke sjølv som ein kan kose seg med rundt gapahuken etterpå. Anledning til å varme både pølser og anna høveleg grillmat på bålet.

Godkjenning frå brannsjefen er innhenta, så ta med deg ein venn og kom, helsar Todalen Idrettslag ved Toåa tursti.

Det blir også oppsett ein natursti i området kor en kan vinne fine premiar.

Bålet i Gunnøya er ikkje like stort som Slinningsbålet i Ålesund, kor dei i 2016 sette verdensrekord i høgde med 47.4 meter. Foto: NRK

Publisert: 23. juni 2019, 12:00