Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

700 vårrullar på 3 timar

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2018

Todalsdagen er viden kjent for sin eksotiske grillmeny, og søndag ettermiddag var det samla til dugnad for å produsere vårrullar. Og det var ikkje småtteri som var på gang – heile 700 vårrullar skulle i frysaren for dugnadsgjengen kunne ta fri. Eit tusental grillspyd er også i produksjon, og alt dette kjem på bordet laurdag 30. juni, når Todalsdagen 2018 går av stabelen.

Karin Halle og Laila Kvendset lagar fyll til vårrullane. Foto: Jon Olav Ørsal

Da kjem rundt 400 smårollingar til Bordholmen på fotballfest, og da trengs det mykje næringsrik og god mat på bordet, sier Knut Bergli som har vore general for Todalsdagen. I år har han berre ansvaret for mosjonsløpet Ræta Opp og i tillegg er han sjef for dommarane.  Og mat det trengs deg, mykje mat, for under Todalsdagen blir det fotball frå tidleg morgon til langt utpå ettermiddagen. Og slik det ser ut så blir det fleire deltakarar og fleire kampar i år enn det har vore dei siste åra. Ein dugnadsgjeng på rundt hundre personar skal iallfall sørge for at Todalsdagen kjem vel i hamn.

Her går det unna – kjøkkengjengen kutta grønsaker og bruna kjøttdeig. Foto: Jon Olav Ørsal

I ungdomshuset var det iallfall ein velorganisert produksjon av vårrullar denne ettermiddagen – ein gjeng på kjøkkenet kutta grønsaker og bruna kjøttdeig og ordna til «innmaten», medan ein gjeng i matsalen sørga for at vårrullane var rulla saman og pakka i høvelege kartongar for å plasserast i frysaren fram til Todalsdagen som arrangerast laurdag 30. juni.

Eit lite bildegalleri frå vårrulldugnaden i ungdomshuset søndag ettermiddag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juni 2018, 16:29