Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 – Søndagsturen går til Halsa – Kaldbergsvatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. februar 2015

I morgon er du invitert til søndagstur i Halsa, eller nærare bestemt til bålkos ved Kaldbergvatnet. Opplegget er parkering ved Bårdset og fottur opp til Kaldsbegsvatnet – ein lett og fin familietur på ca 2 km etter skogsveg, – og ein tur som alle kan delta på.

KartBaarset-1024x532

Ta av E39 ved krysset opp kyrkja og kjør utover til parkeringsplassen på Bårdset.

Du kjører Halsanaustan, men tek av frå E-39 og utover Skalvikfjorden mot Korsnesset, og køyrer ca 4 km til parkeringsplassen ved Bårdset. Herifrå kan du gå på ski eller til fots, og arrangøren lokkar med bålkos og dersom isen på Kaldbergsvatnet er sikker kan du ta ein tur på isen.

Les meir om 52/17-turen til Kaldbergsvatnet her, og om deltakarkonkurransen finn du meir info her. «Søndagsturen 52/17» er eit samarbeid over kummunegrensene i Halsa, Rindal og Surnadal og oppfordrar alle til å bli med og «ta søndagsturen tilbake».

 

 

Publisert: 7. februar 2015, 18:29