Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

500 000 i grasrotandel

Elinor Bolme Torsdag 7. januar 2016

No er tida for utbetaling av siste del av grasrotandelen frå 2015. Dei 48 registrerte mottakarane i Frivilligheitsregisteret tilhørande Surnadal kommune hentar heim 500 360 kroner til saman. Dette fordelt på 1247 ulike spelarar. I Todalen er det to mottakarar, som begge gjer det godt; Todalen Idrettslag med overkant av 26 ooo kroner, og Todalen Sanitetsforening med vel 10 000 kroner. Surnadal Idrettslag får naturleg vis mest i kommunen.

Totalt på landsbasis har nesten éin million givarar sørga for nesten 400 millioner kroner til lag og foreninger gjennom Grasrotandelen i 2015. Vålerenga er klubben som får mest, og Hordaland er beste fylke, i følge Norsk Tipping.

Under ser de ei samla oversikt for heile Surnadal kommune:

Skjermbilde 2016-01-07 kl. 20.06.48

Publisert: 7. januar 2016, 21:21