Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

50 ungdommar klare for mønstring

Elinor Bolme Torsdag 29. januar 2015

Ungdommar frå tre kommunar – Halsa, Surnadal og Rindal – vil sprudle over av kulturelt pågangsmot og skaparglede på laurdag. Dei fleste av dei femti ungdommane stiller frå scena – og vil levere årets mest varierte konsert. Og det er det som er vitsen med Ungdommens Kulturmønstring: få fram spennet i alt ungdommane driv med. Difor blir det også dans – og ei variert utstilling som opnar kl. 16, altså ein time før Ingrid og Emilie opnar med ”Over the rainbow” frå scena.

ukm 2015 copy

Dei 11 utstillarane viser fram foto, måleri, teikningar og andre kunstuttrykk og gjer mønstringa komplett for dei som vil bruke knappe to timar på å oppleve ungdommeleg skaparkraft på denne siste laurdagen i januar.

Sjå alle innslaga her: UKM Rapport program

Publisert: 29. januar 2015, 21:37