Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lagseriestemnet sist søndag

Elinor Bolme Tysdag 16. juni 2015

Søndag ettermiddag inviterte Ski og friidrettsgruppa til utvida lagseriestemne med muligheit til å lufte trøbilane på Bordholmen. Ikkje det aller beste oppmøtet ein regntung ettermiddag, men eit titals ungar tok turen for litt sosial leik og aktivitet. Her var det både lengde med og utan tilløp, liten ball, 60 meter og 400 meter for dei som ville.

image

Sivert Sogge i fullt sprang over planken i lengdegropa.

 

emil ansnes lagseriestemne

Emil Haugen Ansnes held aldersgjennomsnittet oppe. Han forsøkte seg på idrettsmerket.

 

image

Ein opphaldseling gjer ventinga i kø ok.

 

Arrangørane var usikre på om det vart fleire rundar på Bordholmen, sidan sommarferien no står for døra. Til hausten derimot, blir det fleire gongar.

 

 

Publisert: 16. juni 2015, 11:00