Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3 kviger skremt på flukt – Oppdatert sak

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

Ved Todalen Mjølk i Pestua saknar dei 3 kviger som på eit eller anna vis har rømt i løpet av natta.  Alt tyder på at dei har vore skikkeleg skremt av eit eller anna, for dei har forsert ei grind i full fart, fortel Anders A. Karlsen til Todalen.no.  No er dei på rømmen og vi har ikkje sett snurten av dei, sjølv om vi har vore ute og rekonosert rundt omkring i bygda.

Sprengte grinda inn til innhegninga – her gikk vegen ut i den store verda! Foto:Todalen Mjølk

Om det er rovdyr som har vore på ferde, eller dei har vorte skremt på andre måter er uklart.  Men alt tyder på at det er eit eller anna som har skrmt dei, og ein må rekne med at dei er urolige og lettskremte om du treffer på dei. Anders fortel at det for eit par dagar sia vart skremt krøtter som høyrte Austiatua til.  han ser ikkje bort frå at det kan være rovdyr som har vore på ferde?

Todalen Mjølk er takknemleg om du gir beskjed dersom det blir gjort nokon observasjon av rømlingane.  Telefon til Anders A. Karlsen er 91597313

Oppdatert sak:   Dei tre kvigene er funne!

I formiddag lokaliserte åshild Halle dei tre kvigene på Flathauan.  Men dei lika dårleg kontakt med folk, og stakk av derfr før dei fekk prøvd å kome i kontakt med dei.  Dei stakk ned forbi Gimle og vidare forbi Hallabakkan og forbi skulen – og heim til Pestua. No ventar vidare skjebne på dei tre rømlingane…..

 

Publisert: 15. august 2020, 14:00