Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

28 dører seinare…

Elinor Bolme Sundag 24. mai 2015

I går tromma nokre sanitetsdamer samman til dugnad i Sanitetshuset. Den ytterste leiligheta som no står ledig igjen er under renovering med utskiftning av kjøkken. I den anledning har det samtidig vorte bestemt at alle leilighetene samt møterommet  skulle få nye innerdører, heile 28 i talet. Carina Talgø har vore prosjektør på kjøkkenoppussinga, og fekk laurdag god hjelp frå fleire til dørskifte.

Eitt arbeidslag sto for demontering av gamle brune dører, mens eit anna tok monteringa av nye, kvite dører . Pannikken breidde seg til bristepunktet da nymontørane hadde gløymt å ta av ein plastvinkel under dørblada og ingen passa ei stund. Etter vel to timars jobb hadde sanitetsdamene med ektemenn fiksa utskiftning av 5 dører i kvar av dei 4 bueiningane, og 3 dører til møterommet. I tillegg vart det også benytta anledninga til å frakte bort to hengarar med etterlatenskap frå kjøkkenfornyinga.

Det vart naturleg nok litt vesen undervegs, da fleire av leilighetene har bebuarar. Mens nokon tok det med eit smil og strikka vidare, tok andre turen ut for eit besøk i staden så  dei slapp unna styret.

image

Ikkje alle dører var like sammarbeidsvillige når dei skulle på plass… Denne var for smal. Lett å ta feil når kvar leilighet skulle ha fem dører, med tre ulike mål og design.

 

bjørn hauglann

Bjørn og Kristine med kvar si dør i lystig passiar.

carina talgø

Carina monterer den aller siste dørvridaren på glasdøra inn til møterommet før ho seier seg ferdig med dagen, og let dei frammøtte få pinsefri.

Vi kjem tilbake med ein reportasje om den leiligheta som er under oppussing når kjøkenet er ferdig, og klart til å bli utleigd igjen. Leiligheta blir nok klar til utleige først i juni.

Publisert: 24. mai 2015, 09:56