Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2021

Vi fann 56 artiklar i dette arkivet.


Nok ein gjestearbeidar har fått påvist Covid19-smitte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. januar 2021

Vi har akkurat fått informasjon frå kommuneoverlegen om at enda ein gjestearbeiar har fått påvist Covid19-smitte. Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om at det var registrert nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om i går. 


Tre personar har testa positivt for Covid19 i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. januar 2021

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune informerer tidleg laurdag kveld om totalt tre positive Covid19 testar. Det dreier seg om to nye påviste tilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter gjennomgått sjukdom. 


Trafikkuhell i «Berglysvingen» på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. januar 2021

Klokka 16.10 i ettermiddag melder politiet at det har skjedd ei trafikuhell i «Berglysvingen» på Fv 6145 (Todalsvegen) på Nordvik. Det var ein bil med tre ungdommar frå Trøndelag, som ser ut til å ha kome litt for langt ut på kanten og hamna i bergveggen, på oversia av vegen. Politibetjent Per Gjeldnes ved Surnadal lensmannskontor fortel at dei to passasjerane i bilen er sendt til St. Olavs hospital på Orkanger med lettare skadar, Sjåføren vart ikkje fysisk skadd, men er rutinemessig sendt til legesjekk.


Sterkt todalsinnslag i siste Hoem-boka

Steinar Hasselø Laurdag 16. januar 2021

«Felemakaren» til Edvard Hoem var gift med Gunnhild frå Jostua. No har historia om dei både kome i nytt opplag og blir omsett til dansk.

Lars Olsen Hoem er også litt kjent frå tidlegare Hoem-bøker, og spesielt frå «Heimlandet Barndom» (1985), der han kort går gjennom alt det eventyrlege Lars opplevde – i krig, fangenskap og som felemakar i Kristiansund for to hundre år sia.


Kaldvêret fortsett – men litt mildare etter kvart

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. januar 2021

Natt til torsdag var nok den kaldaste natta så langt i år, med 14,4 minusgrader på gradstokken i 7-tida og 14,9 som minimumstemperatur i løpet av natta.  Kaldvêret skal fortsette vidare utover til laurdag, men frå søndag blir det etter kvart mildare skal e8in tru på vermeldinga på yr.no.


Rimfrost ved Toåa månadens bilete for desember

Mari B. Redalen Torsdag 14. januar 2021

2020 sin aller siste vinnar av månadens bilete ble Siv Halle sitt idylliske bilete Rimfrost ved Toåa. Ho og 11 andre skal nå med i ny kåring om å bli årets bilete for 2020. Vi legg ut kåringa ila helga. Har du knipsa noko bilete i det siste? Vi har stort behov for påfyll av bilete


Tjuandedag-Knut – jula jagar ut!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. januar 2021

Tjuandedag jul, òg kjent som Knutsdag, har i fleire hundreår markert den absolutte slutten på julefeiringa i dei nordiske landa. Dagen er oppkalla etter den danske prinsen Knut Lavard, som i 1131 vart drepen av bror sin, Magnus Nilsson, som var valt til svensk konge i Västergötland. I 1169 vart Knut Lavard oppteken som helgen, av paven i Roma, altså 38 år etter at han vart drepen. Heldigvis var nedrigginga av Todalen Grendalag si julegate heilt utan drama og gjekk føre seg i fredelege former, sjølv om både kalenderen og gradestokken viste 13!


Sesongens første «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. januar 2021

Onsdag kveld vart sesongens første «Barn i løypa» arrangert i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste -11 grader, så det var lurt å vere i aktivitet for å halde varmen. Og aktivitet vart det i nypreparerte løyper og kjempefine forhold.


Surnadal ungdomsskule – Innfører delvis heimeundervisning frå onsdag 13.januar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. januar 2021

Som kjent har alle ungdomsskular og vidaregåande skular, over heile landet sidan 4.januar, hatt «raudt» smittevernnivå. Dette gjer at klassar ved Surnadal vidaregåande skule har veksla på å ha heimeundervisning. I informasjon frå Surnadal barne- og ungdomskule får vi opplyst at dei òg innfører delvis heimeskule for 8. og 9.årstrinn frå og med onsdag 13.jaunuar og førebels til og med tysdag 19.jaunuar. 


Oppstart «Barn i løypa» onsdag 13.januar på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. januar 2021

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det blir oppstart av «Barn i løypa» onsdag 13.januar kl. 17:30 i lysløypa på Tjønnmyra. Driftsstyret på Tjønnmyra melder at det er kjempefine forhold på Tjønnmyra, med nypreparerte løyper, så Barne og ungdomsgruppa håper mange ungar/ungdommar og vaksne tek turen onsdag kveld. 


Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. januar 2021

Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag sin anleggskomite på Tjønnmyra melder om nypreparerte løyper på Tjønnmyra. Han fortel vidare at nysnøen som har kome i det siste døgnet gjer at det er fine forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra no.


NC-sprint på Voss: – Erik sikra seg pallplass

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2021

På dagens sprintkonkurranse i randonee på Voss sikra Erik Kårvatn seg 3.-plassen og dermed pallplass i Seniorklassen.  Ein imponerande innsats av junioren som blir 18 år om eit par månader. Dagens konkurranse gikk i Bavallen på Voss, der det var 20-30 cm nysnø og fine løyper og tilhøve elles, fortel Erik til Todalen.no