Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2020

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Ei lita oppsummering av storviltjakta 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. desember 2020

Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote    totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor. 


Kjempefine forhold på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. desember 2020

Frå anleggsleiar på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, har vi fått opplyst at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Han seier det er kjempefine forhold og at sporet er som «trikkeskinner». Så da skulle det vere skikkeleg fine forhold for ein skitur no i romjula. 


Ny og spennande epoke for Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå

Stig Husby Fredag 25. desember 2020

Ekteparet Palmer og Anna Britt Vikan overtok begravelsesbyrået fra Ragna og Ivar Meisingset i 2014, som starta opp Surnadal og Rindal begravelsesbyrå i 1978. No 42 år etter oppstarten så er ein ny og spennande epoke klar. I løpet av vinteren neste år er det Bjørn Vevang som overtek ansvaret for drifta vidare. Bjørn kjenner dei fleste som organist i kyrkja, men no vil fleire stifte bekjentskap med Bjørn som representant og dagleg leiar i begravelsebyrået.


God jul!

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2020

Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg, men vi er likevel på post for å få med oss store og små hendingar.  Det gleder oss også at vi stadig får fleire lesarar – når vi no går inn i jula 2020 så veit vi at lesartalet […]


Julegudsteneste på koronavilkår

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2020

Det var lenge tvil om det skulle bli julegudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan.  Det vart einslags kompromiss for arrangementet, med dobbel avstand mellom sitteplassane og sjølsagt obligatorisk handvask med antibac for å redusere eller eliminere smittefaren.  Det vart imidlertid eit treiveleg arrangement med 30-40 påmeldte, men sokneprest Kristin Strand og resten av gjengen klarte å lage god atmosfære med tilhøyrande julestemning for oss som var der. 


Pepparkakehus – reis deg

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. desember 2020

Bygging og pynting av pepparkakehus er ein vanleg førjulsaktivitet rundt om. Tysdag kveld hadde Marit Ingeborg invitert to av søskenbarna sine, Van Adrian og Jens Sancho, til «Bygge-dugnad» på langbordet i Øya. Pepparkakehuset var eit «elementbygg», ikkje frå TalgøMøretre denne gongen, men frå Matkroken Todalen. 


Smittesporing i Kristiansund med forgreiningar til Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. desember 2020

Etter at vi i ettermiddag, med bakgrunn i ei pressemelding frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune, skreiv at det ikkje var nye tilfeller av Covid19-smitta eller at det gjekk føre seg smittesporing i kommunen, har vi no klokka 21:14 fått melding frå kommuneoverlegen om at fem personar, heimehøyrande i Surnadal kommune, er sett i karantene. Bakgrunnen for at desse er sett i karantene er smittesporing som går føre seg i Kristiansund kommune, etter at ein person der har testa positivt på Covid19. 


Jule- og nyttårshelsing frå kommuneoverlegen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. desember 2020

Det er per no ikkje påvist nye Covid19-smitta i Surnadal kommune, og det er som følge av dette ingen pågåande smittesporing no rett før jul, opplyser kommuneoverlegen i ei pressemelding no på ettermiddagen. I pressemeldinga seier kommuneoverlegen følgande: «Det går mot ei etterlengta julefeiring for store og små. Håpet er at vi skal kunne møtast i trygge rammer og halde avstand, samtidig som vi har det triveleg i lag med våre nermaste».


Årsrapport frå Søya/Todalen G9/10 sesongen 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. desember 2020

Søyaposten 2020 er komen. Her blir alle årsrapportane for Søya/Todalen sine fotballag i 2020 presentert. Ein «liten» glipp gjer at Søya/Todalen G9/10 sin årsrapport ikkje har blitt med i årets utgåve av Søyaposten. Dette er slikt som kan skje. Som eit lite «plaster på såret» så presenterer vi årsrapporten til G9/10 her. 


Gjensyn med Vangsgutane

Guro Redalen Måndag 21. desember 2020

21. desember er det nøyaktig 30 år sidan vi benka oss rundt Norge Rundt for å sjå kjentfolk gi liv til karakterane i Vangsgutane.  Lite viste vel resten av Noreg at butikken som Eirik Husby går inn i for å finne juleheftet i bladhyllene ikkje var sjølvaste «bua» til handelsmann Nordvik. Hals eft. hadde nemleg […]


Hett og svett stengt i jula.

Mari B. Redalen Sundag 20. desember 2020

Frå Jo Gjeldnes på vegne av styret i Todalen idrettslag har vi fått beskjed om at Hett og Svett,  held stengt frå 22.12-03.01. Dette pga betre føre var prinsippet med tanke på smittespreiing og dei krava som er med renhold.


Deilig er jorden har gått rundt heile fylket

Jon Olav Ørsal Sundag 20. desember 2020

Den spesielle situasjonen vi er i med tanke på fare for koronasmitte midt oppi juleførebuingane har biskopen i Møre – Ingeborg Midttømme – oppfordra alle som har mulegheit til å synge «Deilig er jorden» i dag kl 16.  Bernt Bøe tok utfordringa og mobiliserte mange av P17 og fleire til på kort varsel og fikk til flott korsang utafor Åsskard-kyrkja søndag ettermiddag. Eva Jorid Svendsen sørga for filming.  Bla vidare så får du sjå og høyre korsongen!