Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2020

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Fjols og parasittar

Steinar Hasselø Fredag 21. februar 2020

Stor variasjon på Surnadal kino i helga: frå komisk inspirasjon til Oscar-sensasjon!


Manuell dirigering i tunellen

Elinor Bolme Onsdag 19. februar 2020

Grunna vedlikehald i Svinviktunellen er det i kveldstimene onsdag kveld manuell dirigering på begge sider fram til ca 23. Karane i Mesta oppfordrar til roleg kjøring rund arbeidsstaden.


Skuterspor opp til Skihytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. februar 2020

Det er no køyrt opp skuterspor opp Øyalia til Snekkardalshalsen, og vidare til Skihytta på Ørsalfjellet, melder TILs skuterkomitee. Dei rapporterer at det er mykje snø på fjellet, og oppfordrar folk til å vise stor respekt for rasfaren i fjellet.


Einy er fortvila – framleis utan førarkort!

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. februar 2020

Einy Rendal Elgsæther er framleis utan førarkort. – Det er no godt og vel eit halvt år sia ho mista førarkortet og fikk 8.000 kroner i bot etter ei utforkøyring og no vekkjer saka litt oppstuss i media. I dag er det eit oppslag i Adresseavisa, både i papirutgåva og på nettutgåva adressa.no, der Einy har skrive eit lesarinnlegg.  Einy trudde det nærast var automatikk i å få det att etter at «straffa var sona», men no er det gått ti dagar over tida og ho «sonar» no på overtid…  


Trening i dansesalen på Landbrukshuset.

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. februar 2020

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag fortsett treninga i dansesalen på Landbrukshuset.  Og melding til alle som har glede av å trene med fysioterapeut: Det har ordna seg! Trening som før på torsdager  kl 1100!  – Møt opp og ta gjerne med naboen, oppfordrar Bitten Ranes i Stavganggruppa!


Kløvertur i vårver

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. februar 2020

Måndag 17. februar skein sola, gradstokken viste 12 varmegrader og det var lite vind, mest som ein fin vårdag. Vegen var berr og tørr, og det vart ein retteleg fin og triveleg Kløvertur utover Stranda.


Vellukka SkiMo youthcamp Nordmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

SkiMo youthcamp Nordmøre er vel i hamn og kan glede seg over eit vellukka arrangement, som starta på Kårvatn fredag kveld og fortsette i Sæterlia på laurdag og vart avslutta med konkurranse i settemsdalen på Søndag. Det var Trollheimen Fjellsportklubb som var arrangør og arrangementet famna både den eldre og yngre garde – og da spesielt dei yngre med tanke på rekruttering til randoneesporten.


Prima skurtømmer i Øyalia

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Den siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia.  Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.


Kløvertur etter allmannvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. februar 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl.11:00. Turen blir etter allmannvegen, enten utover Stranda eller oppover bygda. 


Meir kvardagsdata i neste veke

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag  – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar.  Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa. 


Gaupefamilie på besøk i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

Det var Ola Kvendset som oppdaga spora etter gaupefamilen i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset. Ola tok kontakt med lars Olav Lund hos SNO (naturoppsynet for Trollheimen). No på tampen av dagen spora dei gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby.  Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar. 


Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene.  NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.