Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2020

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Kvardagsdata – kom å bli med på litt «ufarleg» opplæring i databruk

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2020

Datakurs har av og til vore eit samtaleemna i lengre tid. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt?
No, førstkomande onsdag vil Venner av Skulstuå forsøke å dra dette i gang; kl. 12-14 onsdag 29. januar i Gammelskulen.


Todalen misjonsforening jubilerer – blir 175 år i 2020

Einy R. Elgsæther Laurdag 25. januar 2020

I år fyller Todalen Misjonsforening, «gammelforeninga», som ho også er kalla, 175 år, berre tre år etter at landsorganisasjonen «Det Norske Misjonsselskap (NMS) feira 175 år. Det er utruleg at det i 1845 vart starta ei misjonsforening i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, ei av dei første i landet, og den første foreninga i bygda, som også var det einaste organiserte laget i meir enn tjue år.
Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium.


Nordgården med ny låt med «Todalstekst» og premiere på norsk

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Todalsvennen Terje Nordgarden er svanger med en ny album som han har kalt KORSVEI. Artig er det også at han på dette albumet debuterer med norske tekster, og spesielt artig er det at teksten til den ene av låtene er skrevet sammen med Jo Sverre, da de to deltok på låtskriverseminar på Todalshytta for et par år siden. Bla videre så kan du lese hva Nordgarden skriver om KORSVEI og resten av låtene i albumet!


Litt tå kvart å by på

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Eiksentret i Surnadal er ny medlem i Todalen.no, og denne veka køyrer dei «Hobbykampanje som varer fram til neste helg. Her tilbyd litt tå kvart av hobbyutstyr og Simen er avbilda med hørselvern med DAB+, Skil batteridrill og Gebe strømaggregat.


Telefontrøbbel for Telia

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Har du hatt problem med mobiltelefonen og dårleg dekning i dag, så er du ikkje åleine om det. Kontakt med Telia bekreftar problema, og det er problem i eit stort område på Nordmøre.  Telia fortel at det blir jobba med feilretting, og lovar at feilen skal være retta i løpe av laurdag føremiddag!    


Nordmørsbunadens historie og mangfald

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. januar 2020

Historielaget minner om ettermiddagskaffien søndag .
Todalen historielag inviterer til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset søndag 26. januar kl. 14:00. Ole Kristian Gundersen, som er bunadstilverkar ved Flid Husfliden i Kristiansund, vil halde foredrag om Nordmørsbunaden, både kvinnebunad og mannsbunad. Han vil presentere bunadsmangfaldet slik det er i dag og dra historiske liner.


Har du oppdatert e-postadressa di?

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. januar 2020

Det er enno nokre som har gamle e-postadresser med «svorka.net» som heng att enno. Mailserveren til Svorka er forlengst stoppa, og det er slutt på ettersending av e-post til gamle Svorka.net-adresser.


Storfilm med premiere

Steinar Hasselø Onsdag 22. januar 2020

Surnadal kino har sett opp to nye filmar denne helga, og den eine kan bli den store oscarvinnaren i år! «1917» har, som ein kan lese ut frå årstalet, henta handlinga si frå 1. verdskrig. To unge britiske soldatar blir sendt ut på det som ser ut til å vere eit umulig oppdrag.


Klare for skihytta og vinterkurs, med forviklingar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. januar 2020

Friluftslinja ved Nordmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å arrangere fjellkurs for sine elevar på TILs skihytte på Ørsalfjellet. Sjølv om vêret ikkje var det aller beste starta dei ut på tur til hytta i dag – og klassen med 15 deltakarar skal friste opphald på skihytta eit par dagar framover, fortel Terje Nordvik som er leiar for hyttestyret og kontaktperson for skihytta.


Sanitetsforeninga arrangerer «Kvinnehelsekveld» med Kari Løvendahl Mogstad

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. januar 2020

Oppdatering: Sanitetsforeninga minner om Kvinnhelsekvelden 27. januar kl. 19.00. NB! Da det er servering av varm mat, taco, er det ønskeleg med påmelding i god tid, altså i løpet av torsdag 23. januar!

Tlf.: Maren 906 86 907 eller: maren@pestua-gard.no

Todalen sanitetsforening inviterer til foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus måndag 27. januar kl. 19.00.  Dette er eit viktig og aktuelt tema, og foredragshaldar er fastlege Kari Løvendahl Mogstad. Ho er spesialist i allmennmedisin, idrettslege og underviser legestudentar ved NTNU. Ho er samfunnsengasjert og ein populær og dyktig foredragshaldar. 


Gudstenester våren 2020

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. januar 2020

Todalen sokneråd informerer om at no er oppsettet for gudstenester våren 2020 klar. Det er i alt oppsett 9 gudstenester, og neste gudsteneste er søndag  9. februar kl. 11:00.


Trefall i Brusetmelan – utan dramatikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. januar 2020

Mykje vind og nedbør førte til at eit tre ga seg for overmakta og bøyde seg over vegen. Personbilar som ikkje var for høge kunne passere utan problem, men større bilar måtte litt utom vegkanten for å kome forbi. Begge skulebussane måtte smyge seg forbi staden, med det var ingen problem med å passere konstaterte skulebussjåfør Kristian Kjølstad.