Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2019

Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur – blir du med ut og gå på måndag?

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. mars 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.


Skitbra Bettan til Surnadal

Steinar Hasselø Sundag 3. mars 2019

Elisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.


Hugs Barn i løypa

Elinor Bolme Sundag 3. mars 2019

I dag er det Barn i løypa på Tjønnmyra frå klokka 12 og utover, eller familiedag om ein vil. Her blir det både kaffe og kanskje bakels å få servert mellom draga i skibakken.


Riktig kjekt med Fredrikkekaffe!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. mars 2019

Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!


Byr på konsert og kultur i Skulstua

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2019

Laurdag 9. mars frå kl 14.00 byr «Venner av skulstua» på kulturprogram i Skulstua. Da blir det musikk med medlemar frå musikkgruppa «The Invalidos»,  og i tillegg vil Nils Tore Leivdal frå Batnfjorden og Konrad Nerland frå Eide bidra med kulturelle innslag. Det blir gratis inngong, og servering av kaffe og kaker.  Utlodding i pausen.  Alle er […]


Rådyr med misdanna klover

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2019

Tidlegare i vinter vart det funne eit dødt rådyr i området ved geilhaugen på Nordvik. Dødsårsaka var ukjent, men dei som fann rådyret tykte det var unaturlege klover på dyret – både lange klover og biklover. Nils Gjeldnes tok vare på alle 4 føttene for å undersøke om kva som kunne være årsak til dette.


Eit glimt frå Neådalen

Elinor Bolme Laurdag 2. mars 2019

Sist sommar, inviterte Ragnar Halle med seg Svein Åge Saksen og Carsten Bohle til Neådalen på fisking. Svein Åge hadde naturleg vis med seg kameraet og har no sett saman ein ferdig film på ca fire minutt frå turen.


Markering av kvinnedagen 8. mars

Elinor Bolme Laurdag 2. mars 2019

Også i år står Surnadal folkeakademi i bresjen for å få til markering av kvinnedagen. Denne gongen har dei fått med seg senioruniversitetet som medarrangør.


Ny sjanse!

Steinar Hasselø Laurdag 2. mars 2019

«Green Book» vart kåra til beste film under Oscar-utdelingane sist måndag. Surnadal kino gir deg difor to nye sjansar til å få med deg storfilmen.


Finale for eit aktivt år i SJFF

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2019

Torsdag kveld var det årsmøte i Surnadal Jeger og Fiskerforening. Årsmøtet markerte slutten på ei aktivt år for laget, men det som gjorde møtet historisk, var nok at foreninga fekk sin første kvinnelege leiar.


Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.