Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2018

Vi fann 100 artiklar i dette arkivet.


Kløverrusletur ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 16. juni 2018

Måndag 18. juni inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.


Mini-dagsleir og ungdomsleir

Elinor Bolme Fredag 15. juni 2018

Kyrkja i Surnadal, Rindal og Halsa ivterer også i år unge til ulike leirar i forbindelse med trusopplæringa. Dei har både dagsleirar for dei yngste og tweensleirar for dei litt eldre.


Forsiktig start på laksefisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 15. juni 2018

Eit trettitals laksefiskere var på plass i Toåa da starten på årets laksefiske kom i gang ved midnatt. Vi tok ein liten runde i elva sammen med styret i Todalen elveeigarlag som var ute for å sjkke hvordan overgangen til digitalt salg av fiskekort virket. Samtlige som vart kontrollert hadde gyldig fiskekort, fortalte leiar i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen.


Seier og uavgjort for Todalen

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018

Knut Bergli har sendt oss ei lita oppdatering etter kveldens seriespel i Nordmøre Championship som vart spela på Søyabanen. Første kamp spela Todalen mot Søya og denne vann dei heile 6-0. 2 mål av Ole Martin Øyen, 1 mål kvar av Jo Gjeldnes, Jan Petter Husby, Ola Talgø og Brage Hauglann Talgø.


Stavgang langs Åsskardfjorden

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2018

Torsdag var Surnadal pensjonistlags stavganggruppe på tur til Åsskard. Litt duskregn i starten skremte ikkje turgangarane, og turen gikk utover langs Åsskardfjorden. Dette var nok nytt landskap for mange, som fikk oppleve ein nydeleg og frodig natur langs fjorden.


Toåa – Nedteljinga har starta

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2018

I skrivande stund er det rundt 8 timer til laksefisket i Toåa starta. Det betyr også sesongstart på Todalshytta, der det er klare til å ta i mot gjestar. Dei første gjestane er alt på plass, men det kjem fleire utover dagen, fortel Jan Larsen som er «plasskomandant». På Todalshytta skal laksefiskarane treffes til middag i kveld, for å trøye av ventetida. På menyer står det skogsfugl som Frank Haugrim har sørga for – han var også først ute med laks på kroken da sesongen starta i 2017.


Konsert i Stangvik kyrkje

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018

Laurdag 16.juni blir det konsert i Stangvik kyrkje . Då får dei besøk frå Trondheim og kyrkjekoret Hoeggen Vocale med  dir. Oddrun Bølset. Dei vil framføre eit rikt og variert program; alt frå Bruckner, via norske og svenske folketonar og korverk av J. Rutter.


Trimtur til Ansnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. juni 2018

Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.


Kinovêret på plass igjen!

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018

Den steikande sola har ødelagt besøket for storfilm på storfilm denne våren. Men det er ikkje for seint melder Steinar Hasselø ved Surnadal Kulturhus.

For både «Solo: A Star Wars Story» (12 år) og «Deadpool 2» (15 år) vil få sjansen til å rette opp publikumstalet no og da framover på Surnadal kino


Tur til Frøya med Surnadal Pensjonistlag

Elinor Bolme Onsdag 13. juni 2018

Surnadal pensjonistlag planlegg tur til Frøya 25. – 26. juli med avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer, og det blir overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3 – retters festmiddag og frukost, samt lunsj dag 2, skriv Kristian Ranes i ein epost til redaksjonen.


Siste nytt frå Surnadal bibliotek

Steinar Hasselø Onsdag 13. juni 2018

Denne store lesekampanjen «Sommarles» starta 1. juni, og så langt har knapt 30 prosent av dei som går i grunnskulen i Surnadal meldt seg på (frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten, til dei som går 7. klasse). Det er bra – men vi skulle gjerne hatt enno fleire med!


Travel onnadag på Bårdshaugen

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2018

For femte år på rad har Dagsentret for eldre og Rehabsona i heimetenesta samarbeidd om å arrangere «onnadag» på uteområdet attafor sjukeheimen. Det er eit arrangement som engasjerer mange, og som skaper liv og røre. Her er folk og dyr i skjønn forening, og det er lagt vekt på at trivselfaktoren skal være høg både for store og små.