Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2018

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.


Tradisjonell «Kjerringdilt» på skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mars 2018

Langfredag går det tradisjonelle påskeskirennet «Kjerringdilten» av stabelen på skihytta, melder Todalen idrettslag. Konkurransen, som går på idealtid, starter kl 13.00. Knut lover nystekte bakels og nykoka kaffe i kiosken. Det tas forbehold om «utvarran» vêr, står det i meldinga frå Todalen I.L.  


Påskesjakk på kaffekroken

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mars 2018

Terje Nordvik inviterer til sjakkveld i Kaffekroken palmesøndag kveld kl.19:30. Alle som har lyst til å bli med kan møte opp  – har du brett, brikkar og klakke så kan du ta dei med.  Vel møtt!  


Går mot travel sommersesong på Talgø MøreTre i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mars 2018

På Talgø MøreTre ser vi alt no konturane av ein travel sommersesong, med stor aktivitet, seier Arne Rudningen, som er produksjonssjef for Talgø MøreTre si verksemd i Todalen. Men Talgø MøreTre er godt skodd til å møte ein travel sesong, for på nyåret er det installert både ny CNC-styrt sag og heil ny maskin for automatisk montering og spikring av rammer til byggelement og montering av gips- eller vindtette asfaltplater.


Verdiløse menn kjem, kjem du?

Elinor Bolme Fredag 23. mars 2018

Det nærmar seg med stormskritt til årets påskehappening i Todalen ungdomshus. Verdiløse Menn er booka til å spele etter revyforestilling på onsdag og dei gleder seg til å spele på onsdag.  Dei minnast med glede sist gong dei var i Todalen og spilte for glade todalinger under julerevyen i 2016, skriv Knut Bergli i ein […]


Balleiken tek fri, men gå gjerne på ski.

Elinor Bolme Fredag 23. mars 2018

Balleiken som til no har vore arrangert på tirsdager for ulike aldersgrupper har avslutta aktiviteten til påske. Det blir ikkje oppstart etter påske, for da byrjar fotballsesongen så smått for dei aldersbestemte klassane etter kvart som banane blir klar til bruk.


Ekstra med kino før påske

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2018

Sia kulturhuset er stengt i påska, vil Surnadal kino vise tre filmar både måndag og tysdag. Den veldig populære barnebokserien «Detektivbyrå nr. 2» inntar kinolerretet frå fredag av med «Operasjon Mørkemann». Filmen vil, i første omgang, gå kvar dag fram til og med tysdag.


Biblioteket held ope på måndag…..

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2018

Surnadal folkebibliotek har gjort ein vri for å gi brukarane eit godt tilbod før påska startar for fullt. Kulturhuset opnar ikkje før kl. 12 i dei tre kvardagane før påske, og i tillegg er arbeidstida redusert på onsdagen før skjærtorsdag.


Framgang – eit magasin for ein framoverlent region…

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2018

Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig […]


123 000,- til rent vann

Elinor Bolme Onsdag 21. mars 2018

Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til fasteaksjon. Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.


Ber administrasjonen starte planlegginga av ny Øyabru snarast…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mars 2018

I onsdagens møte TMN (Hovudutval for teknikk, miljø og næring) vart det gjort vedtak om å byggje ny Øyabru over Toåa. Det var Odd Asbjørn Bævre (AP) og Erik Moen (MDG) som fremma forslaget, seier Lilly Gunn Nyheim som bekreftar at ho har motteke underskriftslister frå folkemøtet i Todalen til støtte for ny bru.


Pause til over påske

Elinor Bolme Onsdag 21. mars 2018

Trening i Trudvang siste gang før påske. Undertegnede fotograf deltok for første gang i dag, og det kan bekreftes at både pust og muskler fikk «kjørt seg»! Dette er et tilbud som med fordel kan tilbys eldre i kommunen! Det vil være en vinn vinn situasjon for både kommuneøkonomien og oss som brukere.  Neste samling […]


Todalen historielag: Fikk årsmøtet fort unna

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mars 2018

Tysdag kveld kunne leiar John Moe og resten av styret i Todalen historielag runde av nok eit aktivt år. Det er mesta for godt til å tru at historielaget har 187 medlemar, medan det er knappe 300 innbyggarar i Todalen. Det er lett å sjå på oppslutninga til historielaget at Todalingane er opptekne av historia si, og det er bra at historia blir med inn i nye generasjonar.