Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2017

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Måndag 4. september 2017

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 9. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Todalen Sanitetsforening har sin årlege basar den 8. oktober. […]


Luftig tur over skjerdingfjellet….

Jon Olav Ørsal Sundag 3. september 2017

Lørdag hadde vi en invitasjon fra Trollheimen Klivarlag om å bli med på ein luftig tur over eggen på Skjerdingfjellet. Vi i redaksjonen tok ikke invitasjonen til følge, men det gjorde 12 andre som vart med på turen over eggen. Jo Gjeldnes har sendt oss en e-post med flotte bilder og litt info frå turen, og han skriv:


Lagseriestemne avlyst

Elinor Bolme Sundag 3. september 2017

Tirsdagens lagseriestemne er avlyst. Vi prøver på att neste tirsdag den 12. september melder Ski og friidrettsgruppa som er ansvarleg arrangør.


Kløvertur til Nauståfossen – du er velkomen til å bli med!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. september 2017

Måndag 4. september er det Kløvertur inn til Nauståfossen. Turen går etter veg frå Kårvatn og langs elva inn til Myrvang og vidare etter stiga opp til fossen. Herifrå kan ein enten gå same vegen tilbake eller følgje god stiga utover forbi hyttefeltet slik at det blir ein rundtur.


Surnadal sparebank 175 år – storsvær gebursdagsfeiring!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. september 2017

Tiande september fyller Surnadal sparebank heile 175 år, og laurdag inviterte Surnadal sparebank til stor folkefest på Skei. Det vart ei knallbra og triveleg jubileumsfeiring med mykje folk, flott underhaldning og retteleg godver!


Lys til å bli med på Skjerdingfjelltur?

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. september 2017

Trollheimen Klivarlag arrangerer tur over Skjerdingfjellet søndag 3. september. Turen er gratis for medlemmer, og den symbolske summen 50,- for ikke-medlemmer. Har du lyst til å bli med, så er det berre å møte opp ved Innerdalsmerket – avgang kl 9.00.    


Drog til Smøla med 2 fulle busslastar

Jon Olav Ørsal Fredag 1. september 2017

Sist torsdag samla Surnadal Røde Kors to stappfulle busser og la ut på tur til Veiholmen på Smøla. Kvart år sia 1992 har Surnadal Røde kors arrangert slike turar, eit sosialt tiltak for eldre og uføre som har vorte ein tradisjon som folk gler seg til.  Nikoline Gridsvåg som har organisert turen og er reiseleiar har vore med sia starten, og gliser når ho seier at no har vi vore alle plassar som det går an å reise til på dagstur med buss. I år er det mange som har gledd seg i lang tid, og det er stadig fleire som vil være med seier ho. – 104 påmeldte viser at interessen er stor, og neste år må vi kanskje ha 3 bussar?


«Magiske russiske klanger»

Elinor Bolme Fredag 1. september 2017

8 menn- profesjonelle songarar frå Bulgaria og Russland; The Black Sea Don Kossack kor– inviterer til ein heilt spesiell konsert i Øye kyrkje tors.7.sept.kl.19.30. Med songar frå den russisk ortodokse liturgien og tradisjonelle russiske folketonar , byr dei på ei intens og utrykksfull musikalsk oppleving –ferdigheiter på internasjonalt nivå.