Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2017

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Godt salg av fine klubbjakker

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!


Siste Kløvertur før ferien

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.


Skuleavslutning med nye mål i sikte

Elinor Bolme Tysdag 20. juni 2017

I går var det avslutning på Todalen oppvekstsenter for skule- og barnehageåret 2016-17. Nokon sluttar heilt, medan andre skal byrje heilt på ny igjen. Heile 5 ungar avsluttar no eit kapittel på den trygge og gode barnehagen og tek til hausten steget heilt opp til 1.klasse.


Sjekk sikkerheita med brannbjørnen Bjørnis

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2017

I dag var feiarane på besøk på butikken – dei dreiv infokampanje for brannsikkerheit og delte ut infobrosjyrer, der du kunne fylle ut ei sjekkliste for å finne ut kor brannsikkert det er heime hos deg. Jon Nordvik, som er ein av feiarane er, sier til Todalen.no at det er lurt å sjekke brannsikkerheita i heimen med jamne mellomrom. Da kan du kanskje unngå at det blir brann heime hos deg.


Klubbjakkane klare for utlevering!

Elinor Bolme Måndag 19. juni 2017

I morgon blir det utdeling av klubbjakkar for dei som har sett seg opp på bestilling. Møt derfor opp på Bordholmen mellom klokka 17.30 og 19 og hent. Jakkane må betalast ved uthenting. Enten med kontantar, eller Vipps. Prisen er 600 pr stk.


Årmøte i Todalen Båtforening

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2017

Todalen Båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte måndag 26. juni, og det skjer på Gammelfabrikken på kl 20:00. På sakslista står vanlege årsmøtesaker.


Nordmøre spelmannslag på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2017

Søndag ettermiddag var Nordmøre Spelmannslag på besøk i Todalen, og inviterte til konsert i Todalen ungdomshus. Nordmøre spelmannslag er samansett av musikarar frå heile Nordmøre, og dei presenterte slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif halse og andre.


Fotballglede på topp

Elinor Bolme Måndag 19. juni 2017

I går deltok knøttelaget til Todalen IL på sin aller første cup denne sesongen. Turen gjekk til Surnadal, AMFI Park og SILregncup i regi av Surnadal IL. Silregnet held seg på betryggande avstand, så det vart ei fin oppleving på kunstgrasbanen på Syltøran. Nokon for aller første gong, medan fleire av dei hadde årevis med erfaring.


Innhaldsrik tur til Storlidalen og Oppdal

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. juni 2017

Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.


I dag gikk Hønhalsen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juni 2017

Kvar vår på denne tida, er tusenkroners-spørsmålet når Hønhalsen kjem til å gå av.  Når Hønhalsen er gått av er det nemleg «lov» til å bade i elva eller i sjøen. Da er snøsmeltinga komen så langt i fjellet, at temperaturen på vatnet er akseptabel som badetemperatur.


Villblomsterdag på Mogstad

Elinor Bolme Laurdag 17. juni 2017

Villblomsterdagen er eit landsdekkande arrangement i regi av Norsk botanisk foreining, og det går blomsterturar over heile landet søndag 18.juni. I år blir det igjen villblomsterdag på Mogstad. Turen går til Austistua Mogstad, og vi ser på dei vanlege blomstrane, andre planter og lauvtre i kulturmarkene kring tun og bakkar.


Sommaravslutning på skulen

Elinor Bolme Laurdag 17. juni 2017

Måndag kveld inviterer Todalen Oppvekstsenter til sommaravslutning klokka 17.30. Da er det tenkt grilling ute, der alle tek med grillmat og litt småkaker til kaffen.
FAU stiller med tente grillar, papptallerkenar, bestikk, saft og kaffe.