Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2017

Vi fann 52 artiklar i dette arkivet.


No blir det skøytebane på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn. – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.


«Nyttårsrabatt» på teater om du vil på nyttårskonsert

Elinor Bolme Måndag 2. januar 2017

Surnadal kulturhus startar brått, med teater på torsdag og nyttårskonsert på fredag. For å bidra litt til dei som kunne tenkt seg «både–og», gir Teatret Vårt tilbod om ein ekstra rabatt til dei som går for «vekas kulturelle dobbel»: Viser du fram billett til fredagens nyttårskonsert, vil du få kjøpt teaterbilletten til kr 200.


Pussar opp i Sanitetshuset…

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Todalen Sanitetsforening er i gang med oppussing av 2 av dei 4 leilighetene i Sanitetshuset. Dei to leilighetene som no får ei oppgradering har ikkje vore oppussa sia huset vart bygd i 1981, så no trongs det ei eit lite løft. Vi trefte Ragnhild A. Moe og Elinor Bolme som var der på dugnad i samband med oppussingsprosjektet.


Nyttårsgudsteneste – Bernt Venås takkar av som sokneprest

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2017

Nyttårsgudstenesta på nyttårsaftan markerte på mange måtar eit skille. For det første blir kyrkja fristillt frå staten frå årsskiftet, og det gjer at det blir ei likestilling mellom alle tru- og livssynssamfunn i den norske stat. I samband med denne prosessen sluttar vår sokneprest gjennom dei siste 28 åra, Bernt Venås (59) , og fråtrer si stilling som sokneprest i Stangvik prestegjeld.