Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2016

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


Skrivekurs med Guro, i Søgne

Elinor Bolme Fredag 4. mars 2016

Vår «eigen» krimforfattar Guro Redalen er under Noregs Ungdomslag sin sommarleir ein av mange kurshaldarar som skal lokke og inspirere ungdommen til årets happening i ungdomslaga. Guro arbeider som Informasjonsrådgjevar for Noregs Ungdomslag. Dei som har fjorårets påskekrim friskt i minne kan nok sjå for seg at dette kan bli eit inspirerande kurs, med og utan linjeinnrykk.


OHOI for ei forestilling!

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2016

Vi sluttar oss til orda til rektor Mons Otnes, da han takka russen for ein feiande flott revypremieere i Surnadal kulturhus i kveld. Vi er etter kvart vant til at russerevyane har eit høgt kvalitetsnivå, og årets revy er ikkje noko unntak. Stor fart, mange artig innslag og mykje flott song og musikk gjennom knappe to timar.


Prøveprosjekt: «miniloppis»

Elinor Bolme Torsdag 3. mars 2016

Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå for.


Etterlysing av bilder

Elinor Bolme Torsdag 3. mars 2016

Todalen Sanitetsforening er som kjent 100 år i 2016. I den anledning undrar laget om nokon kan ha bilder av gamal årgang liggande som dei kan få kopiere. Alt av interesse frå stiftingsåret 1916 og fram til internettets tidsalder.


Interessant og triveleg fimkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mars 2016

Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging. Gudmund […]


Nordvik Grendalag: årsmøte

Elinor Bolme Onsdag 2. mars 2016

Nordvik Grendalag har årsmøte i Forsamlingshuset måndag 14. mar 2016 kl. 20.00. Her er det ordinære årsmøtesaker med regnskap og valg, samt vedtektsendringar i forbindelse med at laget no skal registrerast i Brønnøysundregisteret.


Innskriving av nye 1. klassingar for skuleåret 2016/17

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. mars 2016

For 6-åringane er det no tid for å skriva seg inn til skulestart for hausten 2016. I fjor haust såg det mørkt ut for neste skulestart da todalsskulen var trua av budsjettkutta i 2016-budsjettet. Men no er det altså klart for registrering av elevar som skal starte på 1. skuletrinnet til hausten. I Todalsskulen skjer det tysdag 8. mars, med tidspunkt etter nærare avtale.


Onsdag: Røde Kors treng lopper….

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. mars 2016

Surnadal Røde Kors Omsorg treng fleire lopper og ting  til sin loppemarknad. Har du høvelege lopper kan du levere disse til Røde Kors-huset på Bøvra onsdag mellom kl 18-20.  Røde kors-huset er ope kvar onsdag framover våren, og dei tek i mot alt frå småting til store møblar, men desverre ikkje klær. Følgande onsdagar er Røde Kors-huset ope mellom […]


Kvinnenes Internasjonale Bønnedag

Einy Rendal Elgsæther Tysdag 1. mars 2016

Kvar første fredag i mars samlast kvinner rundt om i over 170 land og regionar i verda til bønn og bibellesing over same tema og bibelord. Årets program og bøner er utforma av kvinner på Cuba under temaet: «Ta imot borna. Ta imot meg.» Som vanleg er det samling på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Alle er […]