Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2015

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Laurdag tennes julegrana i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2015

Laurdag 5. desember er det klart for tenning av julegrana i Brusetmarka. Det skjer i Trudvangkrysset kl 18:00 og Brusetmarka Vel, som er arrangør, vil  sørge for gløgg og pepperkaker.  Alle er velkomne!


Hageland – søndagsope fram til jul

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2015

På Hageland har julestria kome for fullt. Alle juleutstillingane er på plass, og denne veka gjorde juleblomstrane sitt inntog i butikken – og vart liksom prikken over i’en for å få julestemninga på komplett. Frå komande helg og fram til jul er Hageland også ope på søndagar i tidsrommet 12-17….


52-17 Søndagsturen til Betna

Elinor Bolme Onsdag 2. desember 2015

52-17 Søndagsturen 6. des. går fra Øyan Stadion i Betna og opp til snuplassen i Trøvollvegen og tilbake til stadion igjen. Fra Øyan Stadion i Betna går så turen eit stykke innover lysløypa. Derfra går ein over på Trøvollvegen og opp til snuplassen og returnerer derfra til Øyan Stadion. Dette er en relativ kort og barnevennlig tur.


I år blir det juletrefest igjen – i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

6. juledag blir det juletrefest i Ungdomshuset. Da er juletreet på plass, og det blir både julesongar og gang rundt juletreet både for store og små, melder Knut Bergli i Todalen idrettslag. Han fortel vidare at det blir servering av saft, kaffe og julekaker – og kanskje kjem også nissen og har med seg nokre gåveposer […]


Adventstid i barnehagen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

Søndag var det første søndag i advent, og da var det nok mange som tente det første adventlyset rundt om kring i heimane. I Todalen barnehage starta dei adventstida i går, og Jorunn Nordvik har send oss eit par bilder som vi har lagt ut..



Søyådalsboka – eit godt julegåvetips

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

Vi du ha eit signert eksemplar av Søyådalsboka, så har du no sjangsen. Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes sel og signerer bøker utafor Rema 1000 i Amfi Surnadal laurdag 5/12 kl. 10 – 13.30, og neste laurdag 12/12 på Coop Extra i Surnadal i same tidsrom.