Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2015

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.


Matkroken: Overgang til COOP-butikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2015

Som meddelt tidligere, så holder vi stengt butikken fra start i dag onsdag. Vi åpner utpå ettermiddagen, så snart nytt data-anlegg og ny kasse er montert og i funksjon, skriv handelsmann Nordvik i en pressemelding til Todalen.no. I morgen – torsdag 3. september skifter vi bakerileverandør. Da går vi over til COOP Bakeri Goman. Det betyr nye brødsorter og nye bløtkaker. I denne sammenheng så vil vi torsdag og fredag tilby smaksprøver både på brød og bløtkaker, og vi ønsker derfor alle kunder velkommen til butikken for å smake på «godsakene»!


Fortsett å melde inn observasjonar av skadelege planteartar

Elinor Bolme Onsdag 2. september 2015

Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.


M/Y Karima fra Bermuda i Todalen på visitt

Elinor Bolme Tysdag 1. september 2015

I ettermiddag var det kanskje fleire i Todalen som la merke til den store motor yatchen som kom inn fjorden og sette anker utanfor Heggerneset. Kva oppdrag yatchen Karima har her i vårt farvann er uviss, men ein heilt ok livbåt vart senka og kom inn i småbåthavna for å sjå seg om. Turen gjekk også over fjorden mot Toalsøra for ein inspeksjon mens todalen.no var i småbåthamna. Båten seglar under Bermuda sitt flagg, og har heimehavn i Hamilton, og er i følge Marine Traffic på veg til Brofjorden i Sverige frå Kristiansund Havn.


Ei #nattinaturen saman med Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune

Elinor Bolme Tysdag 1. september 2015

Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune inviterer til overnatting ute på Ranessetra laurdag 5. til søndag 6. september i forbindelse med Norsk Friluftsliv sitt arrangement #nattinaturen. Dette er eit lågterskeltilbud, og store og små er velkommen til ei natt ute i naturen. Desverre er ikkje vêrmeldingane dei aller beste for helga, men initiativtakarane Margit Møllenhus, Janne Husby og Gretha Varvik i Surnadal Røde Kors lovar at arrangementet går uansett.