Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2015

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Kvar går gammelvegen ut Stranda?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2015

I gamle dagar, før det vart bygd veg utover Stranda til Snøyå og vidare utover, var det ein kløvveg utover lia frå Todalshaugen til Hjellnes. Komande søndag vil Todalen historielag prøve å finne att denne vegen, fortel leiar i historielaget John Moe. Han har fått med seg Gudmund K. Kvendset som kjentmann på turen, og inviterer herved om det er fleire som har lyst til å være med.


Faktura på veg

Elinor Bolme Onsdag 8. april 2015

Faktura for personleg medlemsskap for 2015 er no sendt ut til dei av dere som har meldt seg som bidragsytere her på todalen.no. På årsmøtet i fjor vart kontigenten auka frå 100,- til 150,- og dette er med og dekkjer utgifter vi har til drift og vedlikehald av nettstaden.


Så kom det ny brannbil åt bøgden…

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2015

Den gamle Dodge’en så var frå 80-talet ein gong, fikk i dag avløysing av ein nyare bil som utstyrs- og uttrykningsbil for brannvernet i Todalen. Om den ikkje akkurat var heilt ny, så er den iallfall nyare.  Det er ein Toyota Hi-Ace som tidlegare har vore i tjeneste i kommunen som no er spesialinnreidd til […]



Furukjempene i Trollheimen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. april 2015

Temaet for dagens møte i Senioruniversitetet for Indre Nordmøre var «Furukjempene i Trollheimen». Fotograf Morten Gåsvand viste flotte bilete og fortalde om leitinga etter dei store og monumentale furuene i Trollheimen. Han tok oss med på ei reise inn i urskog og naturskog der furukjempene veks, og der du finn furuer som ser ut som troll, skulpturar som viser omsorg, furuer med «lamper» i toppen og andre som lagar tette holer der du kan søke ly i styggver. Innimellom las sambuaren Randi Haugland stemningsfulle dikt og tekster til bileta.


Volleyballen med ny tid!!

Elinor Bolme Tysdag 7. april 2015

Volleyballgjengen sleit før påske med litt labert oppmøte, og har derfor flytta aktiviteten til tirsdager kl 20. Det betyr at det om ein stor time er full aktivitet i gymsalen på skulen. Leit fram innesko og ta turen oppfordrar den ivrige gjengen.


Søndag – Konsert med WOK i kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. april 2015

Førstkomande søndag 12. april kl 18.00 kjem koret WOX for å halde konsert i Todalenen kyrkje. «Ei blanding av mykje godt» har dei kalla konserten som no står på programmet.


Vinnarar av «Kronhjort i måneskinn» er kåra!

Elinor Bolme Tysdag 7. april 2015

Da har juryen og primus motorar for årets vellykkede påskekrim Guro Redalen og Mari Brusethaug Redalen, hatt ein grundig gjennomgang av alle innkomne forslag til løysning på mysteriet om «Kronhjort i måneskinn». 38 personar tok utfordringa og sendte inn forslag til løysing, men kun 5 stykk klarte å gjette at det var årets biletevinnar 2011, 2013 og 2014 som var den utspekulerte kunsttjuven.


Amund til topps i den store sjakkfinalen

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2015

Heile etterjulsvinteren har det pågått kvalifisering til den stor sjakkfinalen som var tillyst i Ungdomshuset 2. påskedag. Gruppespelet har pågått når sjakkgruppa har hatt søndagstreff i Kaffekroken på Halsbua, og det har vore knytta stor spenning til kven som ville kome til finalen. Dei siste finalistane var klar først nokre dagar før påske og det vart altså spela både bronsefinale og gullfinale denne kvelden.


Fotterapi fredag, mandag og tirsdag.

Elinor Bolme Måndag 6. april 2015

Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem førstkommande fredag for ein ny runde med fotpleie i Sanitetshuset. Ho kjem også mandag og tirsdag. Ta kontakt med Marit Sanden Søyset på telefon  980 36 391 om du ønsker å benytte deg av tilbudet.


Onsdagstreff med tilbakeblikk på krigsåra

Elinor Bolme Måndag 6. april 2015

Ingen filmskapar skapar meir interesse lokalt enn Eistein Bæverfjord. No vil han dokumentere krigsminne frå heile Surnadal kommune, og som vi tidlegare har omtala har han alleredevore i Todalen for å intervjue Olina, Ingvar og Martinus om dette. Første onsdagstreff etter påska er derfor via nettopp til dette temaet, der dei som kjem på kulturhuset onsdag 8. april vil få sjå diverse klipp frå det han har redigert ferdig så langt.


Friluftsgudsteneste dåp og snev av sommar…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2015

2. påskedag var både todalingar og andre samla til tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardan. Det var godt med folk som hadde benka seg rundt borda og som kosa seg i sola og runt 10 varmegrader i lufta. Denne tradisjonen har vore eit fast innslag i påskefeiringa sia først på 2000-talet. Kaja Marie vart båren til dåpen i den stemningsfulle gudstenesta….