Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2015

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Bli med Stangvik Jentekor på «Kardemommefest»

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. februar 2015

Stangvik Jentekor har såvidt starta øvinga, og med roller frå «Kardemomme By» og «Hakkebakkeskogen» satsar Stangvik Jentekor på Egner-program denne våren. Øvingane er enno i startfasen – og det er plass til fleire aktørar til å bli med, fortel Bernt Bøe.


Smash, blokk og litt føring

Elinor Bolme Torsdag 12. februar 2015

Onsdagar samlast ein ivrig gjeng med volleyballspelarar i gymsalen på Todalen Skule. Det er ungdomen i bygda som er initiativtakarar, og dei dominerte sist gong med sin deltakelse. Likevel var alle aldersgrupper representert, frå tenåringar, tjue-, tredve-, førti- og femtiåringar.


Årsmøte Surnadal Arbeiderparti

Elinor Bolme Onsdag 11. februar 2015

Surnadal Arbeiderparti avholder sitt Årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på Kantina, Sykehjemmet. Nye og gamle medlemmer ønskes velkommen.


Illustrasjonsfoto

Politiet i godlune, denne gongen…

Elinor Bolme Onsdag 11. februar 2015

Tirsdag ettermiddag hadde lensmannskontoret i Surnadal trafikkontroll ved L. Hals Eftf. Betjent Anders Magne Ormset melder i dag om at det var det litt for høg prosent som ikkje hadde med seg førerkortet når dei var ute og kjørte.


52/17 – Søndagsturen går til Vang skistadion

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. februar 2015

Denne helga går «Søndagsturen» til Vang skistadion på Kvanne (I tidsrommet 12-15). Denne turen passar spesielt godt for småbarnsfamiliar, men det er mange tilbud både til liten og stor. Du kan ta med ski og bruke løypene eller ta ein tur i skogen. Du finn også høvelege akebakkar dersom du heller vil det – eller du kan ta med barnevogn og ta ein luftetur i nærområdet til løyper og


Er du nyinnflytta til kommunen – bli betre kjent aktivitetane

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

Er du nyinnflytta til Surnadal kommune, så er det kanskje lurt å bli med på treff for nyinnflytta på Surnadal folkebibliotek på kulturhuset. Det skjer torsdag 12. februar, og da vil Øystein Hjelle Bondhus fortelje om kva aktivitetar Surnadal Idrettslag og andre idrettslag i kommunen driv med.


Store klimavariasjonar frå år til anna…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

I dag skriv vi 10. februar, og ein skulle tru at det på denne tida var full vinter og godt med snø. Men slik er det ikkje – det er bar mark, med berre litt som ligg att på åker og eng. Jon Bruset har sendt oss 4 bilder, der motivet er Todalen – frå Storhaugen og nedover bygda. Alle bileta er tekne den 10. februar i tidsrommet 2010 – 2015. Han manglar 2012 og 2013, men da var det kanskje ikkje fotovêr av ein eller anna grunn.


Fastelavnsris på gang….

Jon Olav Ørsal Måndag 9. februar 2015

Fastelavn nærmar seg no med stormskritt, men det er sanitetskvinnene godt forebudd på. Søndag trossa dei regnvêret og dro til skogs for å finne bjørkeris, og måndag var ein gjeng samla i Sanitetshuset for å lage bukettar – pynta med fargerike fjær og NKS-logo. Fredag og laurdag er dei på plass på Matkroken for å selge fastelavnbukettar for ein 50-lapp.


Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Sundag 8. februar 2015

Vi har komme over til ein my månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2015. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke.


52/17 – Søndagsturen går til Halsa – Kaldbergsvatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. februar 2015

I morgon er du invitert til søndagstur i Halsa, eller nærare bestemt til bålkos ved Kaldbergvatnet. Opplegget er parkering ved Bårdset og fottur opp til Kaldsbegsvatnet – ein lett og fin familietur på ca 2 km etter skogsveg, – og ein tur som alle kan delta på.


Ustabilt telefonnett

Elinor Bolme Laurdag 7. februar 2015

Kl 11.30 datt telenornettet i Todalen ut ein snartur. Ser at det i skrivande stund er litt «av og på», men det kraftige uveret som herjar ute kan kanskje spele inn på det. Skulle nokon ha meir info er det berre å sende oss ein epost eller ei melding via Facebook så vi kan oppdatere.


Storrundt med historielaget

Elinor Bolme Laurdag 7. februar 2015

Kvar veke frå no legg vi ut to bilete av hus frå Todalen. Dette er eit sammarbeid med Todalen historielag, som har kalla serien STORRUNDT. Første runde startar utmed arboretet, eller Gjengsto, som plassen heiter. Dette er det første huset som vart satt opp i Gjenstøa, som senere vart flytta ut til Nordvik som no er Nordly.