Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2014

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til kulturvandring om Jonhagan

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Todalen historielag inviterer til kulturvandring søndag 25. mai. Denne gongen er det Jonhagan, Trøinn og nedover langs Toåa på nordsia som står på programmet. Det er start frå Ungdomshuset kl 12. Etterpå er det samling i Ungdomshuset igjen, og her vil det bli lysbilde og historier om plassane som vi har vandra forbi. Her blir det […]


Nordvik: Feira grunnlovsdagen i forsamlingshuset

Sverre Kjølstad Sundag 18. mai 2014

I anledning 200-årsjubileet for grunnloven hadde kommunen invitert alle skolekretsene til å delta i et felles tog på Skei. Det viste seg at det bare var Stangvik skole som ville delta i dette toget, og deltakerne fra Nordvik var de med skolebarn ved Stangvik skole. Etterpå kom de til Nordvik og sluttet seg til resten. Som vanlig startet toget fra Oppistua kl 1400, med avslutning ved forsamlingshuset.


Grunnlovsjubilee og folkefest

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mai 2014

Vêrgudane vart meir og meir samarbeidsvillige utover dagen, og når folketoget starta frå Todalen oppvekstsenter var det både solgløtt og bra lufttemperatur og stemninga var god. Neste stopp var Todalen kyrkje, der sokneprest Bernt Venås helt gudsteneste for ei velfylt kyrkje. Etter gudstenesta var det kranspålegging ved bautaen, der Karin Helen Halle og Martinus Torvik sørgja for å minnast dei som hadde delteke i kampar for fedrelandet i perioden frå 1814 til og med andre verdskrig.


Samla heile bygda til frukost på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mai 2014

Etter at biltoget var ferdig som første post på programmet, var det klart for ein lang og god frukost på Bordholmen. TILs fotballgruppe hadde invitert sambygdingane til felles frukost, og jammen kan en seie at dei kom! Til saman 174 personar vart traktert med god og solid frukost. Russen som også deltok og var godt synleg i biltoget var invitert på gratis frukost, og det trur vi dei sette pris på.


Finpynta biltog på morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mai 2014

Presis kl 09.30 svinga biltoget ut på vegen frå Matkroken, og sette kursen mot Brusetmarka og Gammelfabrikken. I spissen for toget var einaste traktoren som deltok, og det har etter kvart vorte tradisjon med traktor i spissen og russen som følgjer på. Tilsaman var det 54 kjørty som deltok i biltoget, som har tradisjonar attende til 50-talet da det etter kvart begynte å kome nokre bilar igjen etter krigen.


Velkomen til frukost på Bordholmen!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mai 2014

Grunnlovsfeiringa i Todalen startar med biltog frå Matkroken/HalsOil kl 9.30, og går oppover til Gammelfabrikken, der det blir ein kort pause før toget fortsett nedover bygda og endar opp på Bordholmen, der det er fellesfrukost for heile bygda, fortel Knut Bergli. Han er ledar for TILs fotballgruppe, som er arrangør av frukostarrangementet. Fredag kveld var frukoststaben i fullt arbeid med førebuingane og tilrigginga på Bordholmen. Og frukostkomiteen presiserer at frukosten blir på Bordholmen, i og med at vêret er i ferd med å lette.


Saniteten: Innspurt på salg av maiblomst

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mai 2014

Den tradisjonelle maiblomsten er framleis i handelen. Sigrun Ørsal frå Todalen sanitetsforening satt i kundestraumen på Matkroken for å selge maiblomst; både store til bil og små til å ha på jakkeslaget. Og salget gikk strykande, fortalte ho. Skal du ha maiblost til biltoget eller folketoget så må du raska på før stengetid kl 18:00.


17. kake – smakspanelet godkjente

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mai 2014

200 årsjubilet blir markert på mange måter i morgon, mellom anna hører det gode kaker til. På Matkroken selges det små kaker i butikkhylla, medan det blir store firkanta kaker til kaffen under arrangementet i skulen. På morgonkvisten fredag var det prøvesmaking på Matkroken, og de første kundane var på mange måter eit smakspanel.


Lagseriestemne med ny vri

Elinor Bolme Torsdag 15. mai 2014

Ski- og friidrettsgruppa startar opp med lagseriestevner på Bordholmen igjen førstkommande søndag kl 17. Dei tenkjer i år nytt med at dei flyttar arrangementet til søndag ettermiddag, pluss at dei satser også på litt ny aktivitet i tillegg til dei tradisjonelle friidrettsøvelsane. Blant anna vil dei ta i bruk buldrerommet, trøbilene, sykkel og terrenget rundt Bordholmen.


Aksjonerte – tomt for egg i mange butikkar

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2014

Brotet i forhandlingane mellom Staten og bøndene har ført aksjonar med blokkering av eggpakkeri, samt sakte kolonnekjøring med traktor i morgontimane torsdag. Dette har ført til at mange butikkar har gått tom for egg i løpet av dagen, slik Matkroken L. Hals har gjort. Der er egghylla tom, og det kjem ikkje inn egg til butikken […]


Programmet for 17. mai-feiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2014

Frå ledar i 17.mai-komiteen, Terje Nordvik, har vi fått pressemelding om at programmet for grunnlovsfeiringa i Todalen er klart. I tråd med 200 års jubileumet, og oppfordringa frå regjeringa om ekstra satsing, vil også årets 17. mai komité i Todalen sette alle klutar til for at det skal bli eit bra arrangement, og det er lagt opp til aktivitear frå kl 9.30 når biltoget startar og utover heile dagen til avslutninga i skulen ca kl 18.00.


Klare for folkefest!

Elinor Bolme Torsdag 15. mai 2014

Kommunen har etter føringar frå Fylkesmannen og Slottet no alle detajar klare til det store kongebesøket torsdag 22. mai. På ein stor time på Skei, har kommunen sett saman eit breitt og variert program som i følge arrangørkomiteen heilt klart vil slå an blant dei kongelege. Henning Sommerro er programansvarleg for arrangementet, og har mange aktørar med seg på festforestillinga som vil foregå utanfor Surnadal Kulturhus mellom 14.54 og 15.45.