Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2014

Vi fann 57 artiklar i dette arkivet.


Utruleg februarvarme, men blir det rekord?

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2014

Tempeeraturane har vore heilt uvanleg til vintermånaden februar å være. Uten snø og med varme fønvindar i dag etter dag er heilt uvant. Men det har vore mildvær før også, for den 5. februar 1990 var det heile 17,5 varmegrader på Småhjellan skriv Jon Bruset i ein e-post til oss: «I dag har det vore […]


Reisebrev frå Kilimanjaro

Elinor Bolme Måndag 24. februar 2014

Siste veka i januar var Dag Sverre og Brit Grønmyr på stortur til Tanzania med Kilimanjaro som det store målet i det fjerne. Todalen.no er så heldig å ha fått eit fyldigt reisebrev frå turen, og oppfordrar i same slengen andre reisande til å gjera det same.


Søyagjengen slo ut håret i Åre…

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2014

I.L.Søya har i helga vore på si tradisjonelle ski- og frihelg i Åre i Sverige. To stappfulle bussar med små og store skientusiastar har hatt ei kjempefin og vellukka skihelg i og omkring heisane og løypene i Åreskutan. Der har dei fått oppleve litt vinter og snø, og har fått prøve skiene.


John Moe vart ny leiar i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2014

Maren Ansnes hadde sagt frå seg attval etter 6 år som leiar i historielaget. John Moe var det nye leiarkandidaten til valkomiteen, og han vart einstemmig valt. Han rykte dermed opp fra sin posisjon som nestleiar i laget. Dordi Jorunn Halle vart ny stremedlem for 2 år, og Sven Olav Svinvik fekk fornya tilliten med 2 år. Med seg i styret har dei Svein Åge Saksen og Wenche Kvendset, som ikkje var på val.


Årsmøte i Stangvik Historielag

Elinor Bolme Sundag 23. februar 2014

Stangvik Historielag arrangerer onsdag 26. februar kl 19 sitt årsmøte på Stangvik Skule. Her er det vanlege årsmøtesaker, enkel servering og til slutt vil det bli underhaldning og filmframvisning av Eistein Bæverfjord.  


Kanskje blir det CD?

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2014

Laurdag var Stangvik kyrkje rigga om til eit enkelt lydstudio. Det var felleskoret, Åsskard kyrkjekor og Todalskoret som gjorde opptak av heile sitt reportoar gjennom ei årrekkje. -Det er mest for at det er artig å ha for oss som har halde på med dette, eit slags minnealbum, seier Bernt G. Bøe som er dirigent for begge kora. Blir det bra, så kan det hende de at vi lagar ein CD som vi kan tilby til sals.


3-dobbelt norsk frå Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. februar 2014

Ingen tvil om anna enn at skismørjarane i Sotsji har har knekt koden for skiføre og smørjeproblem på tampen av OL-konkurransane. 30-km fellesstart for damer gikk bokstaveleg som smurt, og dei sikra tredobbel seier, og det nerast utan konkurranse. Det var ikkje noko stort oppmøte i Kaffekroken på Halsbua, men dei som var der fulgte […]


650 3-retters middager i 2014

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. februar 2014

Ingen tvil om at Eldremiddagen har hatt et aktivt år i 2013. Sist onsdag hadde de årsmøte i forbindelse med eldremiddagen, og da var det tid for litt oppsummering og tibakeblikk på 2013. Vi har fått et utdrag av årsmeldinga fra Reidun Østvik som er styremedlem i eldrmiddagen. Hun skriver i referatet «REFERAT FRA ÅRSMELDINGEN […]


Populært med sjakk – ny sjakkveld på Matkroken

Jon Olav Ørsal Fredag 21. februar 2014

Sjakk har vorte utruleg populært etter fokusen frå Sjakk-VM. Sist det var sjakkveld på Matkroken var det samla 13 spelarar, og det var stor interesse for å arrangere fleire kveldar, fortel Trygve Halle som er ein av initiativtakarane. Førstkomande søndag (23. 2) vil sjakkgjengen samlast igjen, og det skjer på Matkroken kl 19.30.


Søndag: Årsmøte i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Fredag 21. februar 2014

Førstkomande søndag (23.2.) arrangerer Todalen historielag årsmøte i ungdomshuset. Årsmøtet startar kl 14, og etterpå blir det vanleg medlemsmøte. Svein Åge Saksen viser filmen «Todalsfjorden minutt for minutt» med lokalkjente kommentatorar.  Her kan du laste ned plakaten med fullstendig sakliste, og sjølvsqagt er det traktering.


Ligg ikkje på latsida

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Kvar torsdag møtes eit knippe spreke damer til trim i gymsalen på Todalen Skule. Dette tilbudet har eksistert i alle dei år, faktisk bortimot ein mannsalder fann nokre av dei frammøtte ut i går. I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over.


Forlet Rauma, til fordel for Noregs minste nasjonalpark

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Brit Grønmyr, oppvakse i Steinarstua er kjent for dei fleste av oss som ei naturglad og turorientert dame. For fire dagar sidan sa ho opp jobben sin som mjløvernleiar i Rauma kommune til fordel for ei nyoppretta stilling som nasjonalparkforvaltar i Møysalen Nasjonalpark i Nordland. Her vil ho blandt anna vera sekretær for nasjonalparkstyret som vart oppretta av miljøverdepartementet våren 2013 med ordførarane i kommunane Hadsel, Lødingen, Sortland og Vågan saman med ein representant frå Nordland fylkeskommune og ein frå Sametinget.