Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2013

Vi fann 47 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 41234

Seier  i  første  seriekamp

Seier i første seriekamp

Elinor Bolme Onsdag 24. april 2013

Da er fotballsesongen på det lokale plan i gang, og Søya/Todalen sitt 6. divisjonslag starta allerede med sin første seriekamp sist søndag. Laget spela da mot Frei, og vann heile 5-3.

Les heile saka

Heimevernet  øver

Heimevernet øver

Ole Petter Talgø Tysdag 23. april 2013

I disse dagane har Nordmøre Heimevernsområde øving, med base på Angråmyra. HV-soldatar frå Surnadal, Halsa og Rindal øver for å forbedre den operative evnen til å løse pålagte oppdrag, samt auke den generelle beredskapsevnen.

Les heile saka

Bindalsbruket  meldte  oppbud  måndag

Bindalsbruket meldte oppbud måndag

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2013

Talgø kaster korta på Bindalsbruket AS. Måndag ble det klart at styret i selskapet ikkje såg grunnlag for å drive vidare med dørproduksjon ved bindalsbedrifta, som produserer inner- og ytterdører. Det var i mai 2011 at Talgø Invest AS overtok aksjemajoriteten i Bindalsbruket frå Bindal kommune, og har sia lagt ned store ressursar for å redde bedrifta. Men måndag var det altså slutt.

Les heile saka

Klart  til  konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Måndag 22. april 2013

I kveldinga var deler av Todalen Sokneråd på kyrkjegarden og rydda litt til konfirmasjonsgudstjenesta som er no førstkommande søndag. Mannskapet var lette å be for ein liten fotorunde.

Les heile saka

Wok  imponerte  i  kyrkja

Wok imponerte i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2013

Laurdag ettermiddag inviterte Wok – Sunndal kulturskoles vokalensemble – til jubileumskonsert i Todalen kyrkje. Wok kan ikkje skryte av størrelsen på koret, for dei er berre 9 medlemar medrekna korleiaren og dirigent Lone Eines. Men du verden kor dei imponerte med sin song og artige framføring av sitt program. Heile 18 musikalske nummer som stod på programmet, som dei køyrde gjennom på ein times tid.

Les heile saka

Stangvik:  Konfirmantane  lagar  kveldsmesse

Stangvik: Konfirmantane lagar kveldsmesse

Bernt Bøe Sundag 21. april 2013

Prest og organist trer til side når konfirmantane «kuppar» gudstenesta i Stangvik kyrkje søndag kveld kl. 19.30. Dei sørgjer sjøl for både liturgi, musikk, tekster og nylaga symbolhandlingar. Den tradisjonelle «overhøringsgudstenesta» før konfirmasjonen har lenge vore erstatta med aktivisering der alle har si rolle. Dei unge sjøl står for det meste – frå klokkeringing og lydteknikk til tekster, bøner og musikk. Alt dette i tråd med ny gudstenesteforståing, der «liturgi» blir ordrett forstått – som «folket i handling».

Les heile saka

Varma  opp  med  vedarbeid…

Varma opp med vedarbeid…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2013

Rundt bygda er det mange som er i gang med vedarbeid. Lars kvendset er ikkje noko unntak, og laurdag var han i full gang med produksjon av vedforsyning til neste vinter. Etter ein kald og lang vinter er det nok mange som har tomme skott, og da er det berre å ta motorsaga fatt og dra til skogs

Les heile saka

Rekordinnsamling  av  Saniteten

Rekordinnsamling av Saniteten

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Todalen sanitetsforening har denne laurdagen hatt ope for kle-innsamling i Sanitetshuset. Det er no 6. året dei helg på med dette prosjektet, og det blir nye innsamlingsrekordar kvart år. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp.

Les heile saka

Søndagsope  på  Hageland

Søndagsope på Hageland

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Hageland har vore veldig bra besøkt dei tre første dagane, fortel Ingeborg Langan Børset, som er butikksjef.  Ho reknar også med at det blir bra tilstrømming på søndag, når butikken er open frå 12 til 17 på ettermiddagen.  Vi var veldig spente på responsen frå publikum før vi opna, men mottakinga har vore storarta, seier ho og […]

Les heile saka

I  dag:  Wok  i  kyrkja  kl  17

I dag: Wok i kyrkja kl 17

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Wok er Sunndal kulturskules vokalensemble. Dei er 9 medlemar og markerte sitt 5-årsjubileum med konsert i Hov kyrkje i mars. Jubileumskonserten vil dei gjerne dele med fleire, så difor kjem dei til Todalen kyrkje i dag. Vi får da høyre heile jubileumsprogrammet som tek ein times tid. Dei er flike og fortener eit stor oppmøte, […]


Endeleg  er  det  vår!

Endeleg er det vår!

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2013

Endeleg er det vår – og opning av Hageland, sa ordførar Mons Otnes, da han kløpte snora. Dette har vi venta på så lenge, og folk har hatt store forventningar til at Hageland skulle opne dørene og sleppe inn publikum. Tidlegare har folk dratt til Kristiansund, Fannrem eller Trondheim for å kjøpe mykje av disse varene, så Hageland blir nok godt motteke i Surnadal.

Les heile saka

Stavganggruppa  med  ny  sesong

Stavganggruppa med ny sesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag er på veg ut av vinterdvalen og startar sesongen den 25. april. Frammøte ved Ansnessaga klokka 13.00. Marsjen går i retning Vorpneset med Reidar Østvik som vegvisar. Han er lommekjent i terrenget og området og vil også bidra med historier.

Les heile saka

Side 2 av 41234