Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2013

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Slapp songgleda fri

Slapp songgleda fri

Elinor Bolme Onsdag 13. mars 2013

55 5.klassingar, 4 møremusikarar og ein lettare forvirra konferansier gjorde kveldens Give me 5 konsert til ein musikals opplevelse for dei mange frammøtte i Storstuå som spent skulle sjå sine håpefulle opptre på ei stor scene kanskje for aller første gong.

Les heile saka

Kulderekord for mars?

Kulderekord for mars?

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Det er uvant at det er så langvarig kaldt i mars, for gradstokken har vist meir enn – 10  fleire netter på rad.  Nei da, det er faktisk ikkje så uvant! Jon Bruset har vore i temperaturarkivet, der han har notater frå 1990 og til dags dato. Der finn han at  temperaturer under – 10 […]

Les heile saka

Nordmørstreffet – full trøkk på Dokkhuset

Nordmørstreffet – full trøkk på Dokkhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Nordmørstreffet på Dokkhuset i Trondheim vart ein suksess, og det var bra oppmøte og god stemning. Sjølv om det var flest sunndalingar som kom på treffet, var det også mange med tilhørigheit i Surnadal som kom for å sjå kva samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal hadde å by på. Det var mange kjente næringslivsfjes som har sett stor prioritet på dette arrangementet. Mange var på jakt etter ingeniørar, men dette er generelt ein viktig plass for for nettverksbyggjing, fortel marketingsjef Heid Snekvik, som representere Talgø.

Les heile saka

Historielaget – årsmøte 2013

Historielaget – årsmøte 2013

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Det blir årsmøte i Todalen historielag i Todalen ungdomhus søndag 17. mars kl. 14.00. i tillegg til vanlege årsmøtesaker vil Janne Carina Strand, som er prosjektkoordinator for kulturminner i Surnadal kommune kome for å orientere om kulturminneregistreringa i kommunen. Og sjølvsagt blir det kaffe og servering på tradisjonelt vis, skriv ledar Maren Ansnes i ein e-post til redaksjonen.

Les heile saka

Barn i løypa torsdag kveld

Barn i løypa torsdag kveld

Elinor Bolme Onsdag 13. mars 2013

Leder i skigruppan, Jorid Haugen Ansnes melder om supre forhold i lysløypetrasseen i Ørsalbukta etter eit par dagar med brukbart snøfall. Skigruppa arrangerer derfor i kveld barn i løypa frå kl 18.


Alpinbakken er klar!

Alpinbakken er klar!

Elinor Bolme Onsdag 13. mars 2013

Mange har nok venta på denne beskjeden i vinter, og endeleg kjem den frå Surnadal Alpinsenter AS: Bakken opnar i kveld kl 17.30-21.00. Dei lokkar med reduserte prisar på årskortet sidan sesongstarten er ein god del forsinka.

Les heile saka

Frode vart heidra på årsmøtet

Frode vart heidra på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Frode Grønmyr trekte det lengste strået i konkurransen om årets bilete på Todalen.no for 2012. På årsmøtet fikk Frode premien som var ei innrama forstørring av sitt eige bilete med motivet frå nordlyset på nordhimmelen over Hjellnes. 15 personar møtte opp for å ta del i årsmøtet i Todalen ungdomshus, og vart fort avvikla.

Les heile saka

Amerikabrev frå Astrid Utigarda

Amerikabrev frå Astrid Utigarda

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2013

Da har vi vore så heldige å fått eit langt reisebrev frå Astrid Longva Kvendset, som sidan august har oppheldt seg i USA på skule. Under er heile brevet i sin helhet, med mange fine bilder til. Litt heimlengsel er å spore, men alle opplevingane ser ut til at veg opp att for den.

Les heile saka

Telenornettet nede…

Telenornettet nede…

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2013

Redaksjonen kan bekrefte til innbyggerne i Todalen og til de utenfor som kanskje ikke får tak i noen i området, om at Telenornettet i bygda for tida er nede. Mannen på kundeservice hos Telenor kunne fortelle at en feil ved Ørsal var innmeldt i dag tidlig. Her var forventet rettetid satt til kl 16.00 i dag. Om […]


OL-vinnar på Gammelfabrikken…

OL-vinnar på Gammelfabrikken…

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mars 2013

Måndag kveld var det selebert besøk på Gammelfabrikken. OL-vinnaren Egil Søby var på ein kort visitt, der han lærte eit 50-tal Byggmakker- og Hagelandtilsett å bli vinnarar. Men det var ikkje kajakkpadling han slulle lære frå seg, men han skulle lære dei å lukkast. Og det skulle han ha gode forutsetnader for å lukkast med, for den som hugsar attende til 60-talet hugsar vel at han var vinnartypen, som i løpet av nokre år tok 55 NM-gull, 15 Nordiske gull, 8 kongepokalar og ikkje minst EM- og VM- og OL-gull. OL-gullet tok han i OL i Mexico City i 1968.

Les heile saka

Songkveld med årsfest

Songkveld med årsfest

Bernt G. Bøe Tysdag 12. mars 2013

Åsskard sokneråd inviterer til songkveld og årsfest på bedehuset Betania i Bøfjorden onsdag kveld kl 19.00. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor fører an i songen. På korprogrammet står friske kyrkjetonar, spirituals og utdrag frå den gresk-inspirerte samlinga «Visst skal våren komme». Solistar er Øystein Moe og Nora Bøe.

Les heile saka

Gir nok alt, i «Give me 5»

Gir nok alt, i «Give me 5»

Elinor Bolme Måndag 11. mars 2013

Onsdag den 13. mars kl 1900 er det for mange ein stor konsert i Storstua på Surnadal kulturhus. Der syng alle 5. klassingane i kommunen i kor saman med profesjonelle musikarar. I år er det Møremusikarane og Jo Inge Nes som er dei profesjonelle artistane.

Les heile saka