Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2013

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Lysløypetraseen snart ferdig

Lysløypetraseen snart ferdig

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2013

Per E. Gjeldnes som er hovudentreprenør for den nye lysløypa på Tjønnmyra, er snart ferdig med 1. fase av anleggsarbeidet. Det har i vinter vore gode arbeidstilhøve på anlegget, og det meste av masseflyttinga er unnagjort. Det er enno solid tele i marka, og no må det heile få tine, slik at ein kan sjå kvar det er behov for å fylle på meir masse. Det er også naudsynt at mykje av massen som er flytta får tine før ein får gjort jobben med opprydding og finpuss. Deretter blir det mykje dugnadsarbeid med reising av pålar og montering av lysanlegget før det kan takast i bruk til neste skisesong.

Les heile saka

Påska på Matkroken – opningstider

Påska på Matkroken – opningstider

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2013

Det er travle dagar på Matkroken. Handelsmann Nordvik er godt nøgd med påskehandelen så langt, men reknar med eit ekstra løft dei neste dagane når dei siste tilreisande påsketuristane gjer sitt innrykk. Derfor er butikken open til kl 18 både tysdag og onsdag. HalsOil drivstoff får du kjøpt heile døgnet gjennom heile påska ved bruk av kortautomaten. «Verdens beste drivstoff er tilgjengeleg døgnet rundt», seier Nordvik.

Les heile saka

Skjærtorsdag: Seterrenn nr 85 og «after ski»

Skjærtorsdag: Seterrenn nr 85 og «after ski»

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2013

Skal vi først snakke om tradisjon, så kjem vel seterrennet på Nordviksetra i den kategorien! Det er i allfall 85. gongen at det blir arrangert i år, og Nordvik grendalag reknar med skikkeleg innrykk til årets arrangement, fortel Ola Magne Nordvik til Todalen.no. Det er lagt opp til aktivitetar med langrenn på idealtid, hopprenn og det blir kulerenn. Det er bra med snø og fine føretilhøve, så alt ligg til rette for eit vellukka sterrenn. Vêrgudane ser også ut til å være i godlynne.

Les heile saka

Folkemusikkrock + natur = sant

Folkemusikkrock + natur = sant

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2013

Dette blir tøft! Dette gleder vi oss til! Tuva Syvertsen med bandet Valkyrien Allstars skal fylle uterommet mellom fjord og fjell i Svinviks Arboret i Surnadal med sin freske, fengende og folkekjære folkemusikkrock! Folkemusikk og natur har en tett kobling historisk sett. Det er et naturlig valg for Norsk Vandrefestival å sette opp en slik konsert lørdagskvelden i festivalen. Tuva har lurt seg inn i folkesjela etter høstens ”Stjernekamp” i NRK TV.

Les heile saka

Langfredag: Ny vandrepokal til Kjerringdilten

Langfredag: Ny vandrepokal til Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2013

Vi veit ikkje om den er i ekte sølv, men den nye vandrepokalen får i alle fall premiere under årets Kjerringdilt, som blir arrangert på Skihytta langfredag. Vêrmeldinga for langfredag byr i skrivande stund på sol frå blå himmel, og alt ligg til rette for eit vellyukka arrangement. Trimsjef Ivar Helge Kvendset har ordna seg med 100 startnummer, men med både ny vandrepokal og kjempefint påskevêr bør han kanskje utvide serien med startnummer?

Les heile saka

På nett, men kontakt oppnås ikkje…

På nett, men kontakt oppnås ikkje…

Elinor Bolme Laurdag 23. mars 2013

I går kveld var ein heil del ungdomar samla i ungdomshuset for Start 4H sitt årvise LAN- arrangement. Her treffest ungdomane for å kople seg opp på eit felles, lokalt datanett begrensa kun for dei oppmøtte i Ungdomshuset. Spredninga av deltakarane varierte frå 4. klasse og heilt opp i 17-18 alderen, og over halvparten av deltakarane var faktisk utabygdes ungdomar. Og nettbruken varierte dertil. Dei yngste kjøyrde lastebil og traktorspel, medan dei litt eldre ((gutane) spela krigsspel mot kvarandre.

Les heile saka

Karin Halle ny ledar i Todalen I.L.

Karin Halle ny ledar i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2013

På årsmøtet til Todalen I.L. sist torsdag, vart Karin Helen Halle valgt til ny ledar. Ho tek over ledar klubba etter Kari Kvendset som no takkar av etter sin andre periode som ledar. Eit 20-tals medlemar var tilstades på årsmøtet i Todalen ungdomshus. Todalen idrettslag har rundt 210 medlemar, og det vil seie at 2 av 3 todalingar er medlem i laget.

Les heile saka

Påskekupp

Påskekupp

Elinor Bolme Fredag 22. mars 2013

Kårvatn Fjellutstyr kjøyrer kjempesalg i påskeveka, med sterkt redusert pris på ein mengde varer. Ellers melder Gudmund Kårvatn om topp skiføre for dei som har planer om ein tur i helga eller seinare i påska: Det er nok, og fin snø, sjølv om det enkelte plassar er vindpakka, spesielt rundt toppane.

Les heile saka

Månadens bilete: Silkeføre

Månadens bilete: Silkeføre

Ole Petter Talgø Torsdag 21. mars 2013

Dette månaden var det Ola Halle med «Silkeføre» som gjekk av med seieren i avstemninga av månadens bilete. Biletet kapra 69 av dei 203 stemmane som kom inn.

Les heile saka

Treningsstudio på dugnad

Treningsstudio på dugnad

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2013

Det gamle postkontoret kjemt til heder og verdighet igjen. Ein gjeng ungdomar er i full gang med oppussing av lokala for å lage treningsstudio, og dei satsar på å ha alt klart til ferien, eller der omkring. Arbeidet skjer i regi av Todalen idrettslag, og det er Knut Jarle Bergli som er styret mann i dette prosjektet. I tillegg til det gamle postkontoret skal garasjen på baksida bli ein del av det nye treningsstudioet som blir på mellom 50 og 60 m2.

Les heile saka

Langfredag: Kjerringdilten på Skihytta

Langfredag: Kjerringdilten på Skihytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2013

Langfredag er det bare å sette av til skiaktivitetar på Skihytta på Ørsalfjellet. Da arrangerast Kjerringdilten, der det enno er muleg å sikre seg vandrepokalen som den gjevaste premien. Ivar helge Kvendset i TILs trimgruppe fortel at dei har rusta seg med 100 startnummer, og han håpar at det blir folk til å fylle alle. Kjerringdilten startar kl 13.00, og sjølvsagt blir det premiering.

Les heile saka

Birken – Johan hadde privat suppestasjon

Birken – Johan hadde privat suppestasjon

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. mars 2013

Litt spesialforpleining skal man ha, når man er 77 år og går Birkebeinerrennet i klasse M75. Johan kvendset hadde privat suppestasjon oppe i fjellet ved Lillehammer. Johan er nemleg heldig og har søstra Inger i desse traktene, og når ho og søster Anne Marit frå Trondheim stiller opp med familiar blir det litt ekstra service å få både for skirennarar og nettredaksjonar. Johan fikk nysila havregrynssuppe med søstra, medan vi fikk bilder frå seansen med Gisle Haugen.

Les heile saka