Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


I natt: Jupiter kryssa månen

I natt: Jupiter kryssa månen

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. desember 2012

Natt til 2. juledag «kryssa» Jupiter månen! I natt kunne du sjå sylsystemets største planet, da han nærast slo lag med månen over himmelen. Alt frå det vart mørkt kunne ein sjå at Jupiter nærma seg månen, og den var på det næraste ca kl 02.00. Bildet er teke rundt midnatt, og da var det skyfritt rundt månnen, og du såg jupiter med det «blotte øye».

Les heile saka

Julehelsing frå barnehagen

Julehelsing frå barnehagen

Elinor Bolme Tysdag 25. desember 2012

Styrar i Todalen barnehage, Jorunn Nordvik har sendt oss ei lita julehelsing der ho skriv: Barnehagen benytter anledninga til å takke Sanitetsforeninga i Todalen for tursekkar og små refleksvestar, Amfi Drift AS for sitteunderlag og Surnadal Sparebank for tursekkar til ungane som vi fikk i haust!

Les heile saka

Gudstenester i jula

Gudstenester i jula

Jon Olav Ørsal Måndag 24. desember 2012

Denne julehelga er det to gudstenester i Todalen kyrkje. Det skjer julaften 24.12. og nyttårsaften 31.12. og begge gudstenestene startar kl 16.00. Det er sokneprest Bernt venås som forrettar. Julaften er det takkoffer til Redd Barna.  Alle er velkomne til jule- og nyttårsgudstenestene.


Revyøving for fullt denne veka

Revyøving for fullt denne veka

Jon Olav Ørsal Sundag 23. desember 2012

Revygjengen er denne veka i full gang med øvingane i Ungdomshuset. Da Todalen.no var innom ein snartur måndag kveld var det full aktivitet, men det var ein optimistisk gjeng som tykte dei hadde bra kontroll på framdrifta. Det er Nils Ove Bruset som revysjef, og han fortel at dei ligg godt an med arbeidet med revyen som har fått namnet «Vassækte jul». Han fortel at årets aktørar er ei god blanding av gamle og nye krefter. Han setter stor pris på at dei har fått fleire nye og yngre krefter blant årets aktørar, og seier at det er ein triveleg og lystigrevystab som no er komne så langt at dei driv og finpussar kjøreplana.

Les heile saka

Matkroken L.Hals – opningstider i jula

Matkroken L.Hals – opningstider i jula

Jon Olav Ørsal Sundag 23. desember 2012

Julaften er butikken open i tidsrommet 09.00 – 13.00. Vidare utover jula er det kortare opningstid enn vanleg og enkelte dagar er det kioskope. Nedafor har vi sett opp ei oversikt over opningstidene utover jula, til og med 1. nyttårsdag. Frå 2. nyttårsdag er det igjen vanleg opningstid fra 09.00 – 18.00. Du kan sjølvsagt nytte kortautomaten på drivstoffpumpene heile jula og døgnet rundt!

Les heile saka

Morgen røde gir dage bløde….

Morgen røde gir dage bløde….

Jon Olav Ørsal Sundag 23. desember 2012

Det er eit ordtak som seier at «Morgen røde gir dage bløde, kveldsrøde gir morgen søde». I dag tidleg (rundt 9-tida) var det ein fantastisk fin austhimmel. Den kom fort og forsvant fort. Men eit telefontips frå Gudmund Kvendset (Sandstad) om kva som var i emning, gjorde at kamera vart gjort klart, og resultatet ser du ovafor.

Les heile saka

Romjulsmarsjen – 3. juledag

Romjulsmarsjen – 3. juledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. desember 2012

3. juledag er det kalrt for årets romjulsmarsj. Som tidlegare er det du starte heimefrå på runden rundt byga, da det er registrering på Bruset og på Sandstad. Det er høve til å starte i tidsrommet mellom kl 12 og 15, og du rekk altså å bli med på 1. framsyninga av revyen «Vassækte jul» kl 15 om du startar litt tidleg.

Les heile saka

Nissen er sett…

Nissen er sett…

Elinor Bolme Laurdag 22. desember 2012

Barnehagen var onsdag på sin vanlege utflukt. Denne dagen la dei turen innom Auststua og paviljongen der, for det hadde vore ymta frampå at nissen kanskje dukka opp. Og i følge bilda sendt til oss frå Åshild Halle så stemmer dette. Under er nokre bilder frå turen.

Les heile saka

Jul på Pakkhuset…

Jul på Pakkhuset…

Jon Olav Ørsal Fredag 21. desember 2012

Pakkhuset Kro held ope i jula. Det blir open pub 3 kveldar denne jula, og den første kvelden er alt laurdag 22. desember, da det er ope frå kl 21.00 og utover kvelden. Det er også open pub 2. juledag (26. desember) og 5. juledag, da også frå kl 21.00 og utover. Pakkhuset Kro finn […]


Nora stolt vinnar av teiknekonkurranse

Nora stolt vinnar av teiknekonkurranse

Jorunn Nordvik Fredag 21. desember 2012

I samband med at det er 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, har vi i Todalen barnehage lært om Thorbjørn Egner no i haust. Spesielt har vi fordjupa oss i ”Folk og Røvere i Kardemomme By”. Vi har laga byen, lese boka og vorte kjent med personane som bor der.

Les heile saka

Skulens juleavslutning vel overstått

Skulens juleavslutning vel overstått

Elinor Bolme Onsdag 19. desember 2012

I går var foreldre og søsken til dei rundt 75 elevane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla på skulen for å bli underheldt i ein stor time. Her vart vi høgtidleg ønska velkomne av konferansierane Emma Sæther og Torstein Snekvik. Dei losa oss gjenom programet på ein underhaldande og trygg måte.

Les heile saka

Månadens bilete: Fiskeren

Månadens bilete: Fiskeren

Ole Petter Talgø Onsdag 19. desember 2012

Vinnar av månadens bilete for november blei Kristian Gjeldes med biletet Fiskaren, som stakk av med omtrent halvparten av stemmene som kom inn. Vi treng bilete utover vinteren, så vi oppfordrar derfor å sende inn bilete til oss.

Les heile saka