Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2012

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 612345...Siste »

Fullt  trøkk  på  Nordvik

Fullt trøkk på Nordvik

Elinor Bolme Sundag 25. november 2012

I går vart den tredje julemessa arrangert i Nistua på Nordvik. Og der var det fullt trøkk frå start til slutt kunne initiativstakar Torunn Nordvik fortelje. Størsteparten kom tidleg på dagen, for mange hadde nok sett av dagen til slike førjulsarrangement, da det var eit liknande arrangement på Hamnes også.

Les heile saka

Jul  på  Nordmøre  er  i  salg

Jul på Nordmøre er i salg

Jon Olav Ørsal Sundag 25. november 2012

Ein «ding dong» på dørklokka og 2 blide fjes som stod utafor, var ei påminning om at det er gått eit år og at det snart lir mot jul igjen. Det var nemleg Ola og Eivind Bolme som var på salgsrunde med årets utgåve av «Jul på Nordmøre». Det er no tredje året at dei har salgsanvaret for Jul på Nordmøre i Todalen, og dei skal innom alle hus i heile bygda. Dei rekna med å bruka heile dagen og fleire kveldar før dei er komne rundt til alle.

Les heile saka

Idrettsmerke

Idrettsmerke

Elinor Bolme Sundag 25. november 2012

For den som kunne tenkt seg å teke idrettsmerke, blir det anledning til det i dag kl 11.30 på Bordholmen. Dit kjem to representantar frå friidrettsgruppa for å bistå dei som dukkar opp. Her finn du krava til dei ulike greinene: http://home.online.no/~vidsimm/krav.htm


Death  by  Dior  –  kjøp  lodd!

Death by Dior – kjøp lodd!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.

Les heile saka

Uvanleg  novembervarme

Uvanleg novembervarme

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990. tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.

Les heile saka

Eldremiddag  og  brannvern

Eldremiddag og brannvern

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. november 2012

Eldremiddagen samlast kvar onsdag i Sanitetshuset til middag. I går hadde dei samling, der det stod omnsstekt laks og fruktsuppe på menyen, og sjølvsagt kaffe og kaker etterpå. Det serveres god og heimlaga mat, og dette tiltaket sett deltakarane stor pris på. For det er ikkje berre mat, det er sosialt også. Enkelte gong er det også anna program på arrangementa. Slik som forrige onsdag, da feiarane Jon Arne Nordvik og Hans Kristian Haarstad troppa opp for å informere om «Brannvern for eldre».

Les heile saka

Åpen  pub

Åpen pub

Elinor Bolme Torsdag 22. november 2012

Pakkhuset Kro har laurdag åpen pub melder eigar Erling Halle. Her vil det bli feiring av ny sponsor til vegstubben som ingen vil ha på Todalsøra. «Asfaltpuben» opnar kl 21.00.


Todalen  IL-  klubben  i  DITT  hjerte??

Todalen IL- klubben i DITT hjerte??

Elinor Bolme Onsdag 21. november 2012

Klubben i mitt hjerte 2012 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet. Her er det muligheter til å stemme fram sin favorittklubb, og Todalen IL er naturligvis meldt inn som en kandidat. Stemmelokalet på Dagbladet.no åpnet 17. november fra kl.00.01, og er åpent frem til kl.12.00 fredag 30.november.

Les heile saka

Nedetid for Todalen.no

Ole Petter Talgø Onsdag 21. november 2012

På formiddagen i dag har Todalen.no vore nede etter trøbbel med programvareoppgradering på serveren (kl 07.58 – 12.13). Vi beklagar det inntrufne.


Laurdag:  “Julmess”  i  Nistua  Nordvik

Laurdag: “Julmess” i Nistua Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. november 2012

Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.

Les heile saka

Månadens  bilete:  Nordlys  over  Gjeldnes

Månadens bilete: Nordlys over Gjeldnes

Ole Petter Talgø Tysdag 20. november 2012

Med stor margin vart det biletet «Nordlys over Gjeldnes» av Frode Grønmyr som vann avstemninga om månadens bilete for oktober. Av dei 190 stemmene som kom inn, fikk vinnarbiletet 104 av stemmene.

Les heile saka

Stas  med  barnelek

Stas med barnelek

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. november 2012

På mandager mellom 18 og 19 arrangerer Todalen I.L. barnelek i gymsalen på Todalen oppvekstsenter. Apparatene settes ut rundt i gymsalen og barna løper rundt en hinderløype. Denne gangen starter barna med å drible ballen gjennom kjegler, så er det balansering bort til mattene som de stuper kråke på bort til ringene. Der gjelder det å slenge seg bort til neste matte uten å være nedi gulvet.

Les heile saka

Side 2 av 612345...Siste »