Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2012

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Kampoppsettet for Søyacupen er klart

Kampoppsettet for Søyacupen er klart

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2012

IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsettet for Søya-cupen no er klart. Dei har i 60 påmelte lag og inntaksstopp for fleire og kan difor være ein av få cuparrangører som er ute i så god tid med dette.

Les heile saka

Sjøfiskekveld på Nordvik

Sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Tysdag 7. august 2012

Førstkommende fredag, den 10.08, blir det arrangert sjøfiske for barn og unge på Nordvik. Dette er eit arrangement i regi av Surnadal Jeger og fiskeforening, der Ola Røe sammen med fiskeestell- og Kårvatnutvalgene inviterer til båtfiske på Todalsfjorden. Foreninga lokkar med gratis grillmat til alle som kjem.

Les heile saka

Vaulahelg med markaslått

Vaulahelg med markaslått

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. august 2012

Vaulens venner inviterer til deltaking i slåttaarbeid på markagarden Vaulen på Nordmarka førstkomande helg. Det skjer ei helg i august kvart år, og er med på å halde slåttemarka rundt husa i hevd og tek vare på kulturlandskapet. Det er anledning å møte opp både lørdag og søndag. Båtskyss kan ordnes frå Solåsvatnet og Krokvatnet kl 08.30 begge dager. Det er fint om dei som eventuelt møter opp tar kontakt med Even Sande tlf 90035895.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juli

Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Tysdag 7. august 2012

Fellesferien har komme og gått, og mange har nok no starta på jobb etter sommarferien. Sjølv om vi har hatt begrensa sommarvêr, har det våre mange fine bilete også i juli, og no skal vi kåre månadens bilete.

Les heile saka

04 kå da??

04 kå da??

Elinor Bolme Tysdag 7. august 2012

Av og til kommer ånden over meg og ber med hunden på tur. Stort sett i nærområdet på kjente stier. Og dem er det mange av her i Todalen. Noen er godt merket, andre ikke. I går kveld var planen å ta en svipptur opp lia på innersiden av Lauvåa, retning Knuken. Terrenget er bratt, men stien jeg vanlig følger er fin. Etter en liten stund syntest jeg at rødflekkene var en antydning rødere enn sist gang. Kanskje bare synsbedrag tenkte jeg, og fortsatte til en stein med 04 lyse mot meg. Jaha, 04? Det stod i alle fall ikke på siste tur. Da går jeg til jeg ser 03, var første tanken og la i vei oppover.

Les heile saka

Kløvvegmarsjen

Kløvvegmarsjen

Elinor Bolme Måndag 6. august 2012

Frå Jon Bruset har vi fått tilsendt ein mengde bilde frå den 10. Kløvvegsmarsjen som gjekk no sist laurdag. Her går folk og dyr etter den gamle kløvvegen som vart brukt til setrene i Vindøladalen. I år var Nils Røv med som kjentmann og historieforteljar. Han fortalte om arbeidet og livet rundt seterdalen frå gamalt av. Oppmøtet var godt, heile 54 personar deltok på turen i lag med 3 hestar og 2 ponniar. Målet for turen var Røstasetra der det var salg av rømmegraut, bakels og kaffe, til musikk av Trond Larsens Kvartett.

Les heile saka

Kvit Varde- eit lokalt landemerke

Kvit Varde- eit lokalt landemerke

Elinor Bolme Sundag 5. august 2012

I dag var den 3. gongen at Kvit Varde vart arrangert i forbindelse med Norsk Vandrefestival. Dette er eit fleirårig kunstprosjektet som vil spenne seg over mange år, og vil også fortsette å være eit fast innslag i Norsk vandrefestival sitt program, helt til den siste steinen i varden blir lagt. Toril Redalen sjølv var i år forhindra i å delta på turen, men sendte i veg ektemannen Eduard Ortega som ein fullverdig erstattar til å guide dei frammøtte ved Innerdalsmerket på føremiddagen i dag.

Les heile saka

Stavganggruppa ved Igeltjønna

Stavganggruppa ved Igeltjønna

Vidar Sogge Sundag 5. august 2012

Laurdag 4. august hadde Norsk Vandrefestival invitert Stavganggruppa til vandring rundt Igltjønna. Regn og skodde hadde skremd mange frå å ta turen opp til Rindal, men 28 hadde likevel trossa vêret og møtt fram. No viste det seg at regnet ikkje beit på rindalingane, for her var det opphaldsvêr under heile marsjen.

Les heile saka

Fuchsia i lange baner…

Fuchsia i lange baner…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. august 2012

I helga har Svanhild Hogstad (Steinarstua) utstilling og salg av Fuchsia på Todalshytta. Ho starta laurdag, og skal fortsette søndag. Det var mange som var innom for å sjå den imponerande utstillinga av Fuchsia, og mange var nok interessert i å kjøpe. Svanhild fortel at det finns eit førtital variantar av Fuchsia, ho viste da også mange forskjellige variantar og storleikar i utstillinga. Dei største var eit par meter høge og var rundt 10 år gamle.

Les heile saka

Toåa: Innspurten nærmar seg

Toåa: Innspurten nærmar seg

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. august 2012

Etter ein relativt bra sesong for laksefiske i Toåa, har det den siste veka vore heller svakt fiske både for laks- og sjøaure. Det er bra vassføring i elva, men om det er temperaturen eller om det har andre årsaker strides dei lærde om. Men Erik Greger frå Knatter i Nord-Odal har stått tyrufast i elva, og vi slo av ein prat med han ilaurdag ettermiddag.

Les heile saka

Ikkje pubkveld

Ikkje pubkveld

Elinor Bolme Laurdag 4. august 2012

Redaksjonen har fått melding om at det ikkje er pub på Pakkhuset pub i kveld, slik som det var informert om under siste helgs opning.


J13 vart slegne ut i semifinalen!

J13 vart slegne ut i semifinalen!

Jon Olav Ørsal Fredag 3. august 2012

I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonen.

Les heile saka