Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2012

Vi fann 64 artiklar i dette arkivet.


Storhelg for store og små

Storhelg for store og små

Elinor Bolme Sundag 17. juni 2012

I helga har 30 jenter og gutar tilhøyrande G12 og J12 Søya/Todalen vore på Romsdalscup i Malmefjorden for å representere «klubben i sitt hjerte». Dei starta turen tidleg laurdags morgon med 2 minibussar, ei campingvogn, ein bobil og fleire privatbilar for å rekke første kampen halv 12. På stadion vart det rigga til eigen base som dei oppheld seg heile dagen, med kort veg til dei ulike banane som kampane vart spela på.

Les heile saka

Laksefisket godt i gang

Laksefisket godt i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2012

Dei første laksane frå Toåa er forlengst komne på land. Fisket etter laks- og sjøaure starta fredag 15., og den første laksen kom på land alt første natta. Den var på 4-5 kg, og i tillegg seier ryktebørset at ein 6-7 er teken. Sikkert er det i allfall Tor lerstang og Terje Lind tok kvar sin smålaks på føremiddagen søndag. Terje Lind tok ein på knappe 4 kg i Skjorahølen, medan Tor Lerstang tok sin på rundt 3 kg 0mtrent samtidig i Inneråhølen. Ellers kan fleire rapporter om at dei har hatt laks på kroksen som dei har mista. Toåa steig utover dagen søndag, og det er venta meir resultat av laksefisket mot kveldinga.

Les heile saka

Grillparty i sommarkvelden

Grillparty i sommarkvelden

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2012

Todalen idrettslag iviterte laurdag kveld sine medlemar til grillparty og ein svingom i Ungdomshuset. Etter mykje dugnadsarbeid tidlegare og foreståande arrangement som Todalsdagen og dugnadsinnsats på Laksefestivalen neste helg, ønska styret å gje litt att til medlemane. Derfor var det berre ein 50-lapp i billett, som inkluderte både inngang og grillmat. Norfolk frå Surnadal sørga for at det vart høve til ein svingom.

Les heile saka

Ynglande jerv i Todalen

Ynglande jerv i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

Det har vore hevda at Trollheimen no skal være fri for ynglande jerv, etter at det var skote ei jervtispe og to ungar i området Gjevilvassdalen/Storlidalen forrige onsdag. Men sist måndag vart det oppdaga eit jervhi til innafor Surnadal kommune. Saksbehandlar Marit Gystøl bekreftar at dette jervhiet ligg i Todalen, skriv Tidens Krav torsdag. Ettersom jervane no har forlate hiet og det er lite snø att vil det ikkje bli sett igang jakt etter dei no i år.

Les heile saka

Byggmakker med nyopning

Byggmakker med nyopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

I dag er det storstilt reopning av Byggmakker Surnadal. Dei tek no i bruk nybygget på rundt 400 m2 som er bruka til sesongvarer med fine miljøutstillingar av hageutstyr og hagemøblar. Heile butikken er renovert og varene er omplassert slik at det er lett å orientere seg og det er smakfullt innreidd. Mellom anna er det laga ei ny fin miljøutstilling med bad og kjøkken.

Les heile saka

Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

G12 og J12 har lenge gledd seg til deltaking i RomsdalsCup’n i fotball  i helga, og laga har hatt eit lotteri på gang for å finansiere turen til Romsdal. Og det gjorde dei til gangs, for dei fekk inn heile 18.000 på lotteriet. Dei takkar for velvillig støtte både frå  loddkjøparar, og frå sponsorar som har […]


Sommaravslutning på Oppvekstsenteret

Sommaravslutning på Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2012

Todalen Oppvekstsenter arrangerer førstkommande mandag den årvise skuleavslutninga. Både elevar og barnehageungane har øva i vekesvis fram til denne kvelden. Her blir det song dans og drama av ungane, allsong og muligheiter for ein kaffekopp med noko attåt. Og med tidlegare avslutningar i minnet, er vel denne verd å få med seg både for foreldre og besteforeldre, og ellers andre interesserte.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mai

Stem på månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Onsdag 13. juni 2012

Da har sommaren for alvor komme, med atterhald om at vi snakkar om norsk nordmørssommar. Sjølv om vi fekk sjå litt snø heilt ned i bygda også denne månaden, viser bileta vi får inn no at grønt gras har teke over hovedrolla.

Les heile saka

Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Fredag 15. juni startar laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske, for no skal smolten som vart sett ut for 3-4 år sia være komne i fin størrelse på 4-7 kg. Slår det til kan det bli eit kronår, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Og det er god grunn til optimisme, for laksefisket er bra både i Surna og i Driva så langt i sesongen. Dei starta 2 veker tidlegare enn i Toåa og er altså komne godt i gang.

Les heile saka

Inviterer til medlemsfest

Inviterer til medlemsfest

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Laurdag 16. juni kl 21.00 er det duka for årets medlemsfest i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen undomshus, og T.I.L. byr på grillmat og dans ut i dei seine nattetimer. Vi ønskjer å påskjønne lagets medlemar for all dugnadsinnsatsen i forbindelse med Todalsdagen og på Laksefestivalen med ein slik sammankomst, fortel ledar Kari Kvendset. Derfor er […]


Skal vise fram bygda

Skal vise fram bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Søndag kjem det ein heil busslast med 50 pensjonistar frå Vestnes til Todalen og Todalen historielag. Dei vil sjå Todalen, og har eit spesielt ønskje om å sjå Halsesamlinga. Det er Per Bjørn Ellingseter som er reiseledar på turen, og dei skal ta heile rundturen med Svinviks arboret, Gammelfabrikken, Kårvatn og Halsesamlinga som no er på plass i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Nils Ove Bruset frå Todalen historielag blir med som lokal guide på heile turen rundt i bygda og til Svinvika til slutt.

Les heile saka

J12 mot Surnadal 1 på Bordholmen

J12 mot Surnadal 1 på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. juni 2012

Tysdag hadde Søya/Todalen J12 kamp mot Surnadal 1 på bordholmen. Begge laga kjempa godt gjennom kampen, men denne gongen vart det Surnadal som trekte det lengste strået og vann mot heimelaget, men fotballjentene var like blide for det.

Les heile saka