Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2012

Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.


Klart for Dalapop

Klart for Dalapop

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mars 2012

I helga er det klart for lansering av romanen «Dalapop», som Ola Skei har skrive. Idet høve har Gerd Ingrid Kvendset skrive manus til framsyninga med same namn, som går i kulturhuset fredag 16. mars kl. 19.30 og laurdag 17. mars kl. 18.00. Det er historia om bandet The Tramps» som skal formidlast med hjelp av song, musikk og skodespel. På scena får vi sjå lokale aktørar frå Kulturskulen og Svarrabærje teaterlag, og vi kan nemne namn som Arne Landsen, Jørgen Kvande og Anne Marie Moen.

Les heile saka

Bibliotekfilialen i faresona?

Bibliotekfilialen i faresona?

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Todalen filial av Surnadal folkebibliotek er no den einaste filialen som er att i Surnadal kommune. No står også den i fare, og skal vurderast til våren, fortel bibliotekar Karen Johanne Talgø. Ho tok filialbestyrarjobben for å halde drifta igang, men det er berre eit vikariat i ei vakant stilling. Ho likar å halde på med […]

Les heile saka

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Fredag 16. mars kl 19.30 er det klart for årsmøte i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen ungdomshus, og no er saklista for møtet klar. Forutan vanlege årsmøtesaker så kjem innkomne saker på dagsorden. Det er kome 4 saker som vil bli diskutert på årsmøtet. Det gjeld satsar for betaling på skihytta, lydanlegg i Undomshuset, […]


Laurdag: Skiskytingens dag på Nordmarka

Laurdag: Skiskytingens dag på Nordmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Laurdag 17. mars  kl 12 – 15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» på skiskyttaranlegget på Nordmarka. Etter triumfane til Tora Berger er skiskyttarsporten populær som aldri før, fortel Olav Jostein Holten i Indre Nordmøre Forsvarsforening. Det er nemleg forsvarsforeninga som er arrangør, og dei held både våpen or ammunisjon (kal 22). Dette er ein uformell […]


På god veg

På god veg

Elinor Bolme Onsdag 14. mars 2012

Etter gårsdagens reportasje fra Pilskaret og vegstandaren der, har vi fått tilbakemelding frå Hms/ks koordinator i
Veidekke industri Geir Atle Kvendset. Han fortel at det var han og Asbjørn Skjølsvold frå Veidekke som saman med Statens Vegvesen i går gjennomførte ei befaring av Pilskaret. Frå Statens Vegvesen var det byggherre og ein kontrollingeniør som var med.

Les heile saka

Lørdag: Bacalao-dag på Nordvik

Lørdag: Bacalao-dag på Nordvik

Sverre Kjølstad Onsdag 14. mars 2012

De to siste årene har det vært tradisjon at Nordvik grendalag arrangerer ball-dag på Nordvik. Imidlertid kom det forslag i fjor om at i år skulle man forsøke med Bacalao. Sildball har vært veldig populært, og nå gjenstår å se om servering av Bacalao blir like smakfullt. Driftige damer sørger for at det blir ekte hjemmelaget vare, og ikke noe ferdigkjøpt masseproduksjon. Da er vi inne på det som sokneprest Bernt Venås uttalte på en såkalt «kirkekaffe» i forsamlingshuset, hvor han mente at det som blir arrangert tre ganger etter hverandre blir en tradisjon. Den som lever får se om han får rett. Første gang det var arrangert ball-dag på Nordvik var i 2003, og låg nede noen år til det ble et nytt forsøk i 2010. For at barna skal ha en valgmulighet hvis de ikke liker Bacalao, blir det pølser og brød som et alternativ. Til slutt serveres kaffe og dessert.

Les heile saka

Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. mars 2012

Frå laurdag 12. mai er det sesongope i Svinsviks arboret. Frå denne dagen er arboretet ope frå onsdag til søndag mellom kl 12 – 17. Unntaka i mai er grunnlovsdagen 17. mai, da arboretet er stengt og 2. pinsedag som er ekstra opningsdag. Men aller først blir det dugnad i arboretet. Det skjer 2. mai i lag med hagelaget og alle gode venner av arboretet, fortel Dordi Kjersti Mogstad, som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret. Opningshelga 12.-13. mai har nok blomstringa starta og da er også salsplantene klare for sal i arboretet.

Les heile saka

Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Elinor Bolme Tysdag 13. mars 2012

Todalen.no har i dag vorte kontakta av fleire grunna den elendige vegstandaren som no rår på Pilskaret. Vi har vel i grunnen sjølv også registrert elendigheita den seinare tid, men no har det forverra seg betrakteleg det siste døgnet. Så elendigt var det i går kveld at Åshild Halle ikkje såg anna rå enn å setje i ei vegstikke i eit av dei verste hulla, slik at passerande skulle bli merksame på hulla. Ho tok også kontakt med vakttelefonen for Surnadal kommune i går kveld for å gjera dei oppmerksame på problematikken. Og det resulterte i at Kolo Veidekke tok turen innover med ein gong for å sjå og merke det eine partiet.

Les heile saka

Månadens bilete: Frå verandaglaset

Månadens bilete: Frå verandaglaset

Ole Petter Talgø Tysdag 13. mars 2012

Denne månaden kan vi gratulere Sissel Halset Storslett med biletet Frå verandaglaset som vinnar av månadens bilete. Kanskje var det den fine vårfølelsen som gav utslaget. Vi håpar iallefall mange lot seg inspirere og sender inn bilete til oss utover våren.

Les heile saka

Full trøkk for Torstein i Narvik

Full trøkk for Torstein i Narvik

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mars 2012

I helga var Torstein Snekvik til Narvik og opptredde på Vinterfestuken. Det er eit kjempestort arrangement men med nærmere 50.000 besøkende, fordelt på mange arrangement. Rundt 2000 var tilstede på Norkraft Arena da Torstein avsluttet årets familieforestilling, og han har aldri opplevd makan til publikum – det var elevill hyling og full trøkk.

Les heile saka

Sikkert vårtegn?

Sikkert vårtegn?

Elinor Bolme Måndag 12. mars 2012

Søndag var karane i brannkorpset i Todalen på Ansnessaga for å spyle rein tomta. Dei var innleidd av Møre Tre AS for jobben, for å få bort rusk og rask etter Dagmar. Det er da spesielt med tankepå mykje spikar og skruvar som ligg laust . For å få nok trykk i slangane demde dei opp sagelva. Sjølv om det ikkje var flammar og varme med i bildet denne gongen, fekk dei i seg varmen likevel.

Les heile saka

Bra aktivitet i Todalen Historielag

Bra aktivitet i Todalen Historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mars 2012

Historielaget gjorde fort unna årsmøtet søndag ettermiddag. Det var ingen brennbare saker, og årsmelding, rekneskap og val gikk unna i ein fei. Årsmeldinga gjenspeila at det hadde vore stor aktivitet i laget, som hadde laga både årsskrift for laget og jubileumsskrift for Todalen kyrkje. I tillegg hadde dei arrangert museumsdag, historisk vandring på Todaløra og arbeid med den nye bygdeboka som dei vikigaste sakene. Rekneskapen gikk akkurat i balans for 2011, men laget har ein god og sunn økonomi, konkluderte John Moe som var møteledar.

Les heile saka