Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Pippi feirer jul i kulturhuset!!

Pippi feirer jul i kulturhuset!!

Jon Olav Ørsal Fredag 4. november 2011

Hei, Pippi Langstrømpe starter julefeiringen her hos oss i Surnadal kulturhus tirsdag den 15.november. Kanskje tidlig, men den dama overdriver med det meste, skriver kulturhussjef Karstein telstad i ein e-post til Todalen.no. «Pippi feirer jul» er en splitter ny teaterforestilling om vår alles kjære Pippi. Den hadde verdenspremiere på Liseberg, julen 2009, og vi er veldig stolte over å kunne vise denne forestillingen for aller første gang i Norge.

Les heile saka

Toril fikk tildelt kunstnarstipend

Toril fikk tildelt kunstnarstipend

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. november 2011

Fire kunstnarar i fylket er tildelt kunstnarstipend for 2011, det vedtok det nye kultur- og folkehelseuvalet i går, skriv nettsida til M&R fylke. Ein av desse kunstnarane er Toril Redalen frå Todalen, som får 80.000 kroner. Det er fjerde året Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar til kunstnarstipend, og ramma for tildeling no i 2011 var 300 000 kroner. Ved utløp av søknadsfristen i september var det 28 søkjarar til kunstnarstipend. Søknadane var fordelt med 20 søkjarar innan visuell kunst, to innan dans, fire innan musikk, ein innan litteratur og ein innan samspel mellom dikt/musikk.

Les heile saka

Mammografitur

Mammografitur

Elinor Bolme Torsdag 3. november 2011

Todalen Sanitetsforening ønsker å minne på att om turen til mammografi og/eller osteoporosemåling (beinskjør) i Kristiansund laurdag 12.november. Det vil  bli kjøyrd utover i privatbilar. Påmelding rettast til Kari Kvendset tlf. 71 66 38 81 / 92 84 48 42 før 7.november. Her er det inga aldresgrense for å vera med, då det heller er inga […]

Les heile saka

Vangsgutane er i rute

Vangsgutane er i rute

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. november 2011

Vangsgutane for 2011 er på plass i butikkhyllene. I Todalen finn du dei i hyllene hos ICA Todalen, som har en stor bunke med årets utgåve klare til salg. I Surnadal finn du dei også hos Narvesen i Amfisentret. Vangsgutane har i årets utgåve to seksjonar, ein som er nyskreven og har er ei historie frå krigens dager som heiter «Gris på rømmen». Den andre delen er opptrykk frå 1964 og skal på ein måte markere Vangsgutanes 70-årsjubileum. Tilsaman er det 36 sider fornøyeleg lesnad.

Les heile saka

November starta med sommartemperatur

November starta med sommartemperatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2011

Det vart tysdag ein fin start på november, med temperaturar langt over det normale. Jon bruset på Småhjellå er vår «referansestasjon» når det gjeld registrering av minimum- og maksimumtemperaturar dei siste 20 år. Hos Jon var det målt maksimumstemperatur på 13,8 grader natt til tysdag og utover dagen har det berre gått oppover. Underteikna kunne i tidleg tysdag kveld registrere 17,9 grader og kanskje er det andre plassar det har vore enda høgare temperaturar.

Les heile saka

Akset – fritidsbolig til salgs

Akset – fritidsbolig til salgs

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2011

Det er ikkje så ofte at det er boliger/fritidsboliger til salgs i Todalen , men akkurat no ligg Akset ute for salg. Det er eit lite bolighus, men sist bruka som fritidsbolig og lokalisert til Ørsalbukta mellom Asphaugen og Ørmo. Eigedomen er lagt ut på Finn.no, og der blir det opplyst at det er eit […]


Oppgradering ved Ansnessaga

Oppgradering ved Ansnessaga

Elinor Bolme Tysdag 1. november 2011

I dag var det oppstart i oppgraderingsarbeidet ved MøreTre sitt anlegg i Todalen, også kalla Ansnessaga. Der skulle det gamle overbygget der laften kjem ut frå saga fjernast, då det hadde sett betre tider og nerma seg forfall. Manskapet der ute hadde bestillt assistanse frå Erling Søyset med kranbil for å løfta det vekk. Karane starta arbeidet med å feste stroppane, slik at det berre var å laustna heile taket frå pillarane med motorsag. Slik fekk dei fjerna alt i eit løft. Frå dei festa den første stroppa til heile taket sto ved sida av til slutt tok det ca 30 minutt, i underkant av kva dei hadde trudd før dei starta.

Les heile saka