Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Har du eit høveleg bilde?

Har du eit høveleg bilde?

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2011

Dette er det teatergjengen med neste helgs oppføring av «Huldredans» som no spør oss om. Dei ønskar at dei som har høvelege trolske eller huldreaktige bilder  i arkivet sitt sender de inn innan neste fredag på føremiddagen. Då er det godt mogleg at du får sjå det på lerretet i Storstuå under forestillinga. Fleire dømer er sætre/husmannsplassa, fjord, krøtter på fjella, […]

Les heile saka

Kursing i tilskudd for lag og organisasjonar

Kursing i tilskudd for lag og organisasjonar

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2011

Onsdag kveld er det høver til å få ei innføring i korleis en kan skaffe sitt lag eller organisasjon mest mogleg tilskuddspengar, melder Driva.no. Kurset blir  arrangert i Svorkasalen onsdag kveld og er ope for alle intressentar. Kurset er i regi av Surnadal kommune og idretsrådet i kommunen. Gå hit for å lesa Driva sin […]

Les heile saka

Har du gløymt å fylle ut spørjeskjema?

Har du gløymt å fylle ut spørjeskjema?

Norunn Holten - Surnadal kommune Tysdag 8. november 2011

Bygdebokkontoret etterlyser skjema frå utflyttarar. Bygdebokkontoret i Surnadal har i løpet av året sendt ut ganske mange spørjeskjema til utflyttarar frå Todalen og Stangvik. En god del har kome tilbake i utfylt stand, men det er også mange som enno ikkje har fylt ut skjemaet sitt. Har du eit slikt uutfylt skjema liggjande, ber vi deg no så fint vi kan om å leite det fram og fylle det ut. Send det deretter til bygdebokkontoret.

Les heile saka

Mesta todaling

Mesta todaling

Elinor Bolme Måndag 7. november 2011

Hei. Jeg heter Dennis og ble født på St.Olavs Hospital 3 oktober. Vil bare fortelle at jeg stortrives sammen med  min snille storesøster Thea og mine vidunderlige foreldre, Heidi Haltli og Svein Håvard Saksen. De er utrolig stolte av meg, og vi hilser til alle kjente og kjære:)  Foto: Tante Kristine

Les heile saka

Kvitveisen blomstrar

Kvitveisen blomstrar

Elinor Bolme Måndag 7. november 2011

I dag har vi fått ei helsing frå Jorunn Ness som tok seg ein luftetur på føremiddagen. Ho gjekk nedme elva mot Gunnøya då ho oppdaga ein blomstrande kvitveis. Litt spesielt tykte ho, og vil derfor dele den med oss.

Les heile saka

Hjortfesta 2011 – Laurdag 19.11.

Hjortfesta 2011 – Laurdag 19.11.

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2011

Hjortfesta er i rute og vert arrangert laurdag 19. november kl 20.00, fortel Lars Stensby, som er festsjef og ledar i Husby og Halla jaktlag som er vertskap i år. I år er det ikkje førhandssalg eller påmelding førut, så det er berre å møte opp i Todalen ungdomshus til festa startar. Arrangøren lokkar med viltgryte med godt tilbehør, og da er det berre å ta med godt humør og kom på hjortfest.

Les heile saka

Postkassestativ på dugnad

Postkassestativ på dugnad

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2011

På Nordvik har det også vore dugnad i helga. Det er Palmer Vikan og Thor Gunnar Eilertsen som saman med eit par naboar har gått saman for å lage nytt postkassestativ. Postkassane var alt på plass og snekkarane var opptekne med taktekkjing da Todalen.no utsendte passerte forbi laurdag ettermiddag. Reknar med at postmannen har registrert […]


Vedlikehald i Småbåthamna

Vedlikehald i Småbåthamna

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2011

Laurdag var det dugnad i Småbåthamna på Kvennset. Den eldste delen av flytebryggja er no over 30 år, og det er behov for å pusse opp pontongane og leggje nytt dekke, fortel ledar i Todalen Småbåtforening Lars Stensby. Derfor vart dei to eldste elementa i anlegget sett på land for oppussing. Det gamle dekket og treverket […]

Les heile saka

Hytta i skogen…

Hytta i skogen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2011

Det er egentleg godt å sjå at nye generasjonar tek i arv gamle tradisjonar med hyttebyggjing i skogen. På ein «litt hemmeleg» plass i skogen har Lars, Nils Philip, Christoffer og Shan Allan bygd seg hytte. Det har vore stor aktivitet med både saging og snekring dei siste vekene, og no har det vorte både tak over hauet og terrasse med rekkverk. Dei har bruka material frå naturen til reisverk, medan hytta er kledd i armert glassfiberduk. Prosjektet er på langt nær ferdig, men dei har planer om at det etter kvart skal bli overnatting der, kanskje neste sommar….

Les heile saka

Julegåver først på november

Julegåver først på november

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Tysdag ettermiddag opna Todalen Sanitetsforening dørene i Sanitetshuset for å ta imot julegåver som skal sendast med Estlandsforeninga. Ekteparet Jensvoll frå Rindal er saniteten sine kontaktar med foreninga, og dei lovar at gåvene kjem fram til dei ulike intitusjonane som foreninga driv i Estland. Sanitetsforeninga gjorde dette også i fjor, og med nesten 5 søppelsekkar fylte med julegåver i alle variantar kan ein vel seie at dette er eit varmande prosjekt.

Les heile saka

Revygjengen i rute

Revygjengen i rute

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Gjengen som har engasjert seg med underhaldninga på 3. dagsfesten har komme godt i gang med arbeidet melder koordinator Svein Åge Saksen. Vi har delt oss inn i grupper og byrja skriveprosessen fortel han. Nokon arbeider åleine, medan andre har gått saman med skrivinga. Dei som sitt i skrivegrppa er Rune Moe, Lars Sæther, Nils Ove Bruset, Borghild Betten Talgø og Håvard Halset,som vil ha litt kustus på ungdomsgruppa. Ellers har Gudmund Husby takka ja til å vera kappelmeister.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for oktober

Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Laurdag 5. november 2011

Sjølv om vi er inne i det som kan seiast i vera vintermånad, er det fortsatt høge temperaturar og lite snu å sjå. På samme tid i fjor var snøen og vinteren kome for fullt, som vi ser på dagens bilete for akkurat eit år sidan.

Les heile saka