Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2011

Vi fann 52 artiklar i dette arkivet.


Eit minutt stille kl 12

Eit minutt stille kl 12

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juli 2011

Regjeringa har ærklært eit minutt nasjonal stille i høve ugjerningane på Utøya og i regjeringskavartalet. Statsministeren vil innleie nasjonal stille kl 12 i Universitetets aula.


Håvard, Lars og Sondre på tur

Håvard, Lars og Sondre på tur

Elinor Bolme Sundag 24. juli 2011

Da har todalen.no vore så heldige å fått eit fyldigt reisebrev frå tre todalingar på tur. Det er Håvard Halset, Lars Kvendset og Sondre Halset som har kjøyrt frå Todalen til Kirkenes for så å ta hurtigruta nedover igjen. Ikkje berre har dei sendt oss ein heil del bilder frå turen oppover, dei har også skreve ei helsing til oss på rim. God fornøyelse!

Les heile saka

Grilldag i Kvenndalen

Grilldag i Kvenndalen

Mari B Redalen Sundag 24. juli 2011

Surnadal sauavlslag arrangerte i dag grilldag i Kvenndalen. Da været valgte å vise seg fra sin beste side ble det en riktig trivelig dag for de omlag 30-40 stk som møttes. Fra Todalen deltok Bjørn Kvendset, Mari B Redalen, Ingrid Kvendset og Ola Kvendset.

Les heile saka

Siste dag med lagersalg…

Siste dag med lagersalg…

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. juli 2011

Laurdag runda Talgø av lagersalget av møblar i Todalen. Konsernsjef Terje Talgø fortel at det meste no er solgt ut, og det er på tide å avslutte årets lagersalg. Siste opningsdag var derfor laurdag 23. juli. Det var restevarer og prototypar som har vore på salg, og Talgø sier til Todalen.no at det har vore ein fantastisk god respons og at det meste no er gått ut. Lagersalget har vore tillyst å vare ut juli, eller så lenge lageret rekk, og tida er no inne for å runde av for i år, seier Talgø til slutt.

Les heile saka

Klatring i Innerdalen

Klatring i Innerdalen

Jo Gjeldnes Laurdag 23. juli 2011

Det har blitt en liten tradisjon å ta en Innerdalstur iløpet av sommeren, og med et lite værvindu sist helg ble det også tur i år. Magne Svinvik, Lars Otto Gjeldnes og undertegnede hadde sett oss ut nordvesteggen på Innerdalstårnet som veien til topps. Dette er en av de store klassikerne blant klatrerutene i Innerdalen.

Les heile saka

Finvêret kjem til hausten!

Finvêret kjem til hausten!

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juli 2011

Seinsommaren og hausten kan bli tida for varm norgesferie, trur meteorologane. Men helga blir våt over heile landet, skriv VG-nett. Vi har konfronterte vår lokale vêrspåmann Lars Redalen med dette, og han skriv kort i ein e-post til Todalen.no at «Finveret kjem siste veka i august og det meste av september». Så da veit vi […]


Fine vassprøvar – slutt på koking av drikkevatnet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2011

Halle og Husby vasslag melder i dag at nye vassprøvar frå sist søndag er utan innslag av E. coli-bakteriar. Dermed trekkjer dei attende anbefalinga om å koke drikkevatnet som blir levert fra vassverket.


Todaling i Surnadal

Todaling i Surnadal

Ole Petter Talgø Onsdag 20. juli 2011

Då er vi klare for eit nytt blogginnlegg, som vi har fått oversendt fra vår bloggansvarlege, Gjermund Moe. Denne gongen får vi høyre frå Gunn Halset Bævre, som ikkje har dratt så langt bort frå Todalen.

Les heile saka

Tømmer septiktankane

Tømmer septiktankane

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2011

For eit par veker sia fekk alle husstandar varsel om septiktømming i veke 29/30. No er er firmaet Miljøservice fra Stryn i gang med tømminga, og dei er nok legg kjennelege med den gule spesialbilen sin. Dei syg opp slammet frå septiktanken og silar bor slamet og sender vatnet i tanken igjen. Slammet blir kjørt til Syltøran og lagra i containere som seinare vert transportert til Meldal for deponering. Tankane vert tømt annakvart år, så neste tømming i Todalen blir i 2013.

Les heile saka

Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2011

Jon Bruset har vore ute på ny fjelltur. Denne gonge gikk turen til Kvennjulfjellet med start frå Kårvatn. I ein e-post til Todalen.no skriv han: «I dag gjekk turen til Kvennhjulfjellet. Gjekk opp frå høgste punktet på stien som går over skaret frå Naustådalen til Neådalen. Ein forholdsvis bratt og tung tur, men det er enda mange saustigar å gå etter i dette området etter saudrifta som var.

Les heile saka

Historisk vandring med Trollheimsporten

Historisk vandring med Trollheimsporten

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juli 2011

Jon Bruset har vore på historisk vandring med Trollheimsporten, og gått etter «vassvegen» frå Storbotn på austsida av Skjerdingfjellet og ned til utløpet ved Vestrum. Denne «kunstige» bekken er det nok mange som har sett ved Tristeinan, der den kryssar turistlina til Bjøråskaret. Her ser det mesta ut som vatnet renn i motbakke eit lite stykke. Les meir om dette og sjå bilda frå turen på Trollheimsporten.

Les heile saka

Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2011

Søndag arrangerte Surnadal Museum aktivitetsdag saman med Todalen historielag og Stangvik historielag. Det vart ikkje den heilt store publikumstilstrøyminga i sommarvarmen, men dei 40-50 som deltok fekk nok valuta for pengane. Hovudposten på programmet var Bjørn Austigards kåseri om havren. Han kåserte om havrens betydning for levesettet til folk oppgjennom tida. I eit muntert og instererssant kåseri dokumenterte han utviklinga som har skjedd og kva rolle havren har hatt i utviklinga.

Les heile saka