Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2011

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Ny hogstmaskin for Skog-Kompaniet

Ny hogstmaskin for Skog-Kompaniet

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2011

Skogkompaniet opplever bra ordretilgang om dagen, og dei har fullt opp med oppdrag fleire plassar rundt i Midt-Noreg. Dei har jobbar frå Vikna i nord, til tømmerhogst på Skodje Sunnmøre, men også mykje veg- og linjerydding i området. Dette har gjort at dei no skiftar ut ei av hogstmaskinane til ein nyare modell, nærare bestemt ein Ponsse Ergo 2007-modell til eit par millionar. Den nye hogstmaskina vart levert direkte til jobben på Skodje, der Skogkompaniet har eit arbeidslag. Det er Anders Holden frå Kvanne som er hovudførar på maskina som no er i fullt arbeid, fortel dagleg ledar Kristen Bruset til Todalen.no

Les heile saka

Hugs – skulejubileum på laurdag!

Hugs – skulejubileum på laurdag!

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2011

å Todalen oppvekstsenter er det dobbelt jubileum laurdag (9. april kl 13.00). Da feirer Todalen skule 90 år og Todalen barnehage 20 år. Første byggetrinn av skulebygninga vart altså teke i bruk i 1921 (sjå bilde ovafor), medan Todalen barnehage vart bygd i 1991, der mykje av arbeidet vart gjort på dugnad av bygdefolket. No har dei programmet klart for storjubileumsfest, og dei inviterer til feiring laurdag 9. april kl 13.00, med FAU som arrangør.

Les heile saka

Brannvesenet øver

Brannvesenet øver

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

At brannvesenet spyler rein plassen framfor ICA Todalen og Talgø Møbelfabrikk er eit sikkert vårteikn. Dei har øving kvar månad for å sjekke utstyret og da tek dei gjerne ein slik jobb for samtidig å gjera noko nyttig. I vinteren løp samles det mykje strøsand rundt asfaltkantane, og dette fører lett til reine sandstormen når det er sterk vind.

Les heile saka

Talgøpokalen til beste samanlagt

Talgøpokalen til beste samanlagt

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Rindalsfelten er eit av dei største felstemna i Midt-Norge, der dei samlar langt borti 200 deltakarar til feltskyting. Arrangementet er eit samarbeid mellom Rindal skyttarlag, Rindalsskogen skyttarlag og Lomundal skyttarlag, og er eit dobbeltstemne der dei kjører fullt program på begge skytingane. Den gjevaste premien denne dagen er nok Talgøpokalen som er ein vandrepokal som går til beste skyttar sammenlagt på grovfelten.

Les heile saka

Treng trompetist til 17. mai

Treng trompetist til 17. mai

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Skal det bli hornmusikk til 17. maifeiringa i Todalen så treng vi ein trompetist! Det er Kristine Saksen Ulvund som er primus motor og organisator for å få til eit lite musikkorps til 17. mai og feiringa av nasjonaldagen. Ho har allereie fått med fleire til å danne eit improvisert musikkorps, men som sagt manglar ein habil trompetist. Det må vi ha for å spille marsjar, seier ho. Spelar du trompet, eller veit om nokon som spelar trompet, så ta kontakt med Kristine på telefon 916 74 607.

Les heile saka

Skrult imponerte stort

Skrult imponerte stort

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Eit hundretals tilhørarar kom til kyrkja for å få med seg konserten med Skrult frå Ålvundfjord onsdag kveld. Og jammen fekk dei valuta for pengane, og var rause med applausen under konserten. Skrult tok publikum med på ei reflektert musikalsk reise som publikum sette stor pris på. Det var full trøkk og svingande rytmer, ei musikalsk vandring med hovudvekt på amerikansinpirert folkemusikk.

Les heile saka

Nye toalett i ungdomshuset

Nye toalett i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

I Ungdomshuset er det full sjau med snekkering og rørleggararbeid for tida. Da Ungdomshuset vart renovert i samband med jubileumsfeiringa i 2008 var det ikkje tid og økonomi til å ta med toaletta i renoveringsplana. På årsmøtet i Todalen Idrettslag vart det bevilga pengar til til dette arbeidet, og no er altså arbeidet i full gang.

Les heile saka

Godt for kropp og sjel

Godt for kropp og sjel

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

Frå Surnadal Velværesenter, som er medlem hos todalen.no har vi fått ei oppdatering på kva som skjer utover våren. Dei melder om ulike kampanjar og «gulrøtter» for å få fart på sommar forma. I april månad gis det mellom anna rabattar og premier til nye medlemmer. Kvar torsdag er det naprapat på huset, og heilt nytt frå sist i mars er moglegheiter for akupunktur.

Les heile saka

Stor interesse for bygdebokarbeidet

Stor interesse for bygdebokarbeidet

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2011

Bygdebokarbeidet for surnadal er i gang, og først ut er Todalen og Nordvik. Her er nye og oppdaterte bygdebøker planlagt å vere ferdig i november 2014, og så kjem dei andre binda etter kvart framover til Åsskard rundar av arbeidet i 2019. Det er iet omfattande arbeid som er sett i gang. På infomøtet i Todalen var det prosjektkoordinator Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som orienterte om arbeitet.

Les heile saka

Flott turhelg!

Flott turhelg!

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2011

I helga var det nok mange som nytta finvêret til å ta turen til fjells. Laurdag var det god temperatur i fjellet, og litt regn mot kvelden. Temperaturen sank og i fjella kom det litt snø samtidig som det fraus til og dette ga eit kjempefint føre og dette vart toppa med nerast blå himmel og sol på søndag. Frå Ingri Bruset og Kristian Gjeldnes har vi fått nokre bilde frå turen opp mot Sula, bilda viser kor fin utsikt dei hadde i alle himmelretningar.

Les heile saka

Innsamlig til Estland

Innsamlig til Estland

Elinor Bolme Måndag 4. april 2011

Todalen Sanitetsforening vil også i år arrangere klesinnsaamling til Estland. Datoen for dette har no vorte satt til laurdag 9. april frå klokka 10 og utover. I år er det 4. året saniteten arrangerer dette, og vil som før gå i samarbeid med Estlandsforeninga.

Les heile saka

Gammelskulen for 1 krone.

Gammelskulen for 1 krone.

Elinor Bolme Måndag 4. april 2011

Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter». Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.

Les heile saka