Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2011

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Velværesentret melder…

Velværesentret melder…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2011

Frå Velværesentret har vi fått melding som vi bringer videre. Dei skriv:  “Påsken nærmer seg og vi ønsker alle våre medlemmer en riktig god og trivelig påske. Resepsjonen vil onsdag og torsdag denne uken være stengt grunnet kurs. Mens vi fra neste uke tar påskeferie fra onsdag 20. april kl 12.00 og frem til tirsdag 26. […]


Ny sesong i Toåa

Ny sesong i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2011

Det lakker og lir mot ny sesong i Toåa. Vårløsinga er igang, og det er ikke lenge før det blir grønt på elvekanten. I skrivende stund er det ennå ikke helt avklart med hensyn til tidspunkt for fiskestarten. I 2010 var det start 1. juni, mens det i år foreligger forslag fra Direktoratet for naturforvalning om start 15. juni.

Les heile saka

Fasteaksjon med rekordinnsamling

Fasteaksjon med rekordinnsamling

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2011

Tysdag kveld var det fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelps  i Todalen, og i resten av landet. I Todalen er det konfirmantane i samarbeid med soknerådet som har gått rundt på alle dører for å samle inn pengar.  Over heile landet har over 40.000 bøssebærarar gått  frå dør til dør for aksjonen, som har som mål å bidra til […]


Pubkonsert laurdag kveld

Pubkonsert laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2011

Laurdag kveld (16. april) er det open pub og konsert med trubadurane Lars Sæther og Gøran Bolme. Puben er open frå kl 20.00 og konserten startar kl 21.00. Det blir mykje vømmølmusikk, Lars og Gøran er dyktig både til å synge og spele gitar og vi har noko å glede oss til der, seier pubvertane Synnøve Helland og Erling Halle på Pakkhuset Kro på Todalsøra.

Les heile saka


Problem med kontaktskjema

Ole Petter Talgø Måndag 11. april 2011

Det ser ut til at kontaktskjemaet vårt ikkje har fungert som det skal dei siste dagane. Vi håper derfor dykk kan bruka e-post: red@todalen.no til å kontakte oss til vi får klarhet i problemene. Har du sendt inn bilete eller anna etter onsdag 6. april, kan det vera at vi ikkje har motteke det. Vi […]


Lamminga i gang

Lamminga i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2011

Sauebøndene går ei travel tid i møte. Lamminga er noe i gang, og da er det ofte aktivitet i smalastallen både dag og natt ei tid framover. Hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma for eit par dagar sia, og no blir det lamming på løpande band ei månads tid, seier Gudmund Kvendset […]

Les heile saka

Skulejubileum vel i hamn

Skulejubileum vel i hamn

Elinor Bolme Sundag 10. april 2011

Både gymsal og klasserom var dekorert til fest då Todalen skule og barnehage, feira sine runde tal i går. Barnehagen sine 20 og skulen sine 90. Rundt om heile 1. etasje var det utsillingar frå ulike tidsepokar. I gymsalen var det blandt anna ein heil vegg med gamle skulebilete, der mange brukte tida godt for å sjå etter kjentfolk.

Les heile saka

Fullasta drosjebil

Fullasta drosjebil

Elinor Bolme Laurdag 9. april 2011

Også i år var det stor oppslutning rundt Todalen Sanitetsforening sin innsamling til Estland. Folk set tydeleg pris på å kunne gi bort klede og anna utstyr til folk som kanskje treng det meir enn oss her til lands. Frå Kvanne kom det til og med ein fullasta drosje. Her var det Anna Svorken som hadde ordna skyss innover til seg og «ryddelasset». Og drosjesjåfør Dag Arne Nordvik bar behjelpeleg inn. Det skal også nemnast at same Anna strikka 50 ullsokkar som Todalen Sanitetsforening fekk for å lage julegåver som og skulle sendast til Estland.

Les heile saka

Månadens bilete: Vår i vente

Månadens bilete: Vår i vente

Ole Petter Talgø Laurdag 9. april 2011

Vinnaren av månadens bilete for mars blei Ingri Bruset med «Vår i vente?». Denne månaden var det jamnt, og vinnaren fekk 49 av dei 169 stemmene.

Les heile saka

Stiller ut på Hamar

Stiller ut på Hamar

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2011

Denne helga er salgsapparatet til Talgø på Hamar for å vise seg fram for møbelkjeda Bohus. Bohus har samla alle sine 50-60 utvalde leverandørar i Vikingeskipet på Hamar, for å vise nyheiter som skal inn i kolleksjonen utover sommaren og hausten. Hit kjem folk frå alle landets Bohus-butikkar, både eigarar og butikkansatte for å sjå og gjere seg kjent med nyheitene dei snart får i butikken. Messa starta fredag og skal halde det gåande fram til søndag ettermiddag.

Les heile saka

Ordner seg på neste vinter

Ordner seg på neste vinter

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2011

Neste vinter blir også kald, trur Håvard Halset. I alle fall så har han laga eit hundretallspallar med ved og satsar på å gjere seg uavhangig av strømprisane for å halde den nausdsynte komfort. Først og fremst er det ved til eige bruk, men også noko for salg til dei faste kundane. Det er nok mange som har tømt vedbua gjennom ein kald vinter, som no nyttar lyse vårkveldar attmed vedklyvaren.

Les heile saka